Styrkjer den minste kystflåten
Pressemelding | Dato: 21.12.2023 | Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke reguleringa av torsk, hyse og sei nord for 62 grader nord i 2024. Reguleringa blir i det vesentlege vidareført, men den minste fiskeflåten får auka si gruppekvote.
- Neste år går torskekvotene ned. Dette rammer dei minste fartøya hardast. Regjeringa vil prioritere den minste kystflåten, no legg vi til rette for at kvotane ikkje blir redusert like mykje som dei elles ville blitt, seier fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap).
Fordelinga av kvoten på torsk vert ført vidare medan regjeringa utarbeider ei ny kvotemelding. Den minste fiskeflåten får likevel auka si gruppekvote gjennom at 2 000 tonn av ubrukt 3. landskvote blir fordelt likt mellom fartøy under 11 meter i lukka og open gruppe. Dette kjem som eit tillegg til det dei får med utgangspunkt i gjeldande modell for fordeling.
Avsetningar
Det blir avsett 2 000 tonn til l kvotebonus for levandelagring av torsk. Oppstart er 1. juli, og det er tillate med ein torskeandel på 20 prosent. Ferskfiskordninga vert óg vidareført, men med 20 prosent reduksjon i kvoten tråd med nedgangen i torskekvoten. Levandelagring av torsk og ferskfiskordninga skal bidra til at industrien i større grad får tilgang til fersk fisk utanom hovudsesongen i torskefisket.
Fisket i open gruppe
Fartøy i open gruppe får redusert sine fartøykvotar i tråd med nedgangen i torskekvotane. I fisket etter hyse og sei blir fartøya regulert med fritt fiske, med ein garantert kvote i botn.
Det vert sett av 3 000 tonn norsk kvote til kystfiskeordninga med eit garantert kvotetillegg på 4 tonn.
Yngre fiskarar vil få eit kvotetillegg på 3 tonn i 2024. Ungdomstillegget gjeld for kvinner til og med 40 år, og menn til og med 30 år.