Styrkjer samarbeidet med EU for å nedkjempe mva-svindel
Nyheit | Dato: 21.03.2025 | Finansdepartementet
Regjeringa ber Stortinget om samtykkje til å setje i kraft ein reforhandla avtale med EU om administrativt samarbeid på meirverdiavgiftsområdet. Norske skattestyresmakter vil få delta i fleire nye former for samarbeid i EU for å nedkjempe grensekryssande svindel med meirverdiavgift.
Ein avtale mellom Noreg og EU om administrativt samarbeid for å nedkjempe svindel med meirverdiavgift trådde i kraft 1. september 2018.
Sidan avtalen vart inngått har EU vidareutvikla samarbeidet sitt for meir effektivt å kunne nedkjempe svindel med meirverdiavgift. Etter initiativ frå norsk side er avtalen no reforhandla for å sikre at Noreg kan ta i bruk fleire av desse nye samarbeidsverktøya i EU. Europakommisjonen har lagt til rette for at forhandlingane har gått føre seg på ein god måte og eit effektivt samarbeid vidare. Endringsavtalen vart signert i Brussel 2. oktober 2024.
Regjeringa har i statsråd i dag fremma ein proposisjon og bedt om Stortinget sitt samtykke til at endringsavtalen trer i kraft.
– Avtalen er eit døme på det viktige og nyttige samarbeidet vi har med EU. For Skatteetaten sitt kontrollarbeid med internasjonal handel er dette avgjerande for å nedkjempe meirverdiavgiftskriminalitet, seier statssekretær Ellen Reitan.