Styrkt støtte til krisesenter i Bergen for å verne særleg sårbare valdsutsette

I revidert nasjonalt budsjett vart det løyvd 5 millionar kroner ekstra til tiltak mot vald og overgrep. Krisesenteret for Bergen og omland får no ein million KRONER av desse midlane til arbeidet med valdsutsette som er avhengig av rus.

– Alle skal ha tilgang til eit godt krisesentertilbod. Personar med rusavhengnad er nokon av dei mest valdsutsette gruppene i Noreg. For mange er krisesentera eit av dei viktigaste tilboda når det blir for farleg å vere heime, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Krisesenteret i Bergen har sidan 2021 tilbode menn og kvinner i rus ein trygg stad å vere og få hjelp, og tilbodet får stadig større pågang. Barne- og familieministeren besøkte nyleg krisesenteret for å lære meir om korleis dei jobbar og kva behov brukarane på krisesenteret har.

– At rusavhengige får eit skjerma krisesentertilbod i Bergen og Hordaland, er eit svært bra tiltak.  Dette er eit livsviktig tilbod til nokre av dei mest sårbare menneska i byen og kommunar rundt som samarbeider om krisesentertilbodet.  Tilbodet har allereie  vorte eit føregangstilbod som andre kommunar ser til for læring og erfaring, seier Toppe.

Lovendring

Regjeringa prioriterer arbeidet med å  førebyggje vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar høgt. Det er lagt fram ein ny opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i næra relasjonar.  Forslag til endringar i krisesenterlova inngår i denne planen.

– Regjeringa føreslår fleire grep for å styrkje krisesentertilbodet slik at kvinner, menn og barn utsette for vald i nære relasjonar får eit heilskapleg tilbod som er tilpassa behova og livssituasjonen deira, seier Toppe.

Blant endringane departementet føreslår er:

  • Eit krav om at kommunen skal sørgje for likeverdige butilbod for dei som av ulike grunnar ikkje kan nytte butilbodet slik det er i dag. Det inneber at nokre grupper som i dag blir avviste frå krisesentera, vil få eit betre tilbod. Det gjeld til dømes valdsutsette med rusmiddelutfordringar eller psykiske lidingar.
  • Ei eiga føresegn om dei særskilde rettane til samar.
  • Ei ny føresegn om at det ikkje kan krevjast eigendel for nokon del av tenesta.
  • Ei tydeleggjering av at oppfølging i reetableringsfasen skal vere i samarbeid med andre deler av tenesteapparatet.

Les heile høyringsnotatet.

Bilde av Barne- og familieminister Kjersti Toppe, kvalitetsrådgivar Bjarne Østensjø Bakkevold, avdelingsleiar Tone Andersen og byråd for barnevern, sosiale tenester og mangfald i Bergen, Charlotte Spurkeland.
Barne- og familieminister Kjersti Toppe, møtte kvalitetsrådgivar Bjarne Østensjø Bakkevold og avdelingsleiar Tone Andersen og byråd for barnevern, sosiale tenester og mangfald i Bergen, Charlotte Spurkeland, da hun besøkte krisesenteret for mennesker i rus. Foto: BFD