Svar på skiftleg spørsmål om avliving av trafikkskadd vilt
Svar til Stortinget | Dato: 28.05.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
Spm. nr. 2074
Vår referanse:
24/1071-
Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Himanshu Gulati (FrP) om avliving av trafikkskadd vilt.
Svar på spørsmål nr. 2074 frå stortingsrepresentant Himanshu Gulati om avliving av trafikkskadd vilt
Eg viser til brev frå Stortinget sin president av 21. mai 2024 vedlagt spørsmål frå stortingsrepresentanten Himanshu Gulati datert 19. mai 2024.
«Mener statsråden man bør se på regelverket slik at personer som har tatt jaktprøven bør få lov å avlive rovdyr i tilfeller som den redegjort for i begrunnelsen, og at viltnemnda i slike tilfeller kan komme og plukke opp dyret?»
I grunngjevinga til spørsmålet skriv representanten:
«Bakgrunnen for mitt spørsmål er at jeg ble kontaktet av en bekjent, som tilfeldigvis også er kommunestyrerepresentant i Nittedal, som dessverre kom i skade for å kjøre over et rådyr. Dyret overlevde og vedkommende ringte viltnemnda. Han ene som var med i bilen bodde rett ved siden av og har både jaktprøve og jaktvåpen og kunne unnagjort det nødvendige dersom han hadde hatt lov til å skyte det stakkars dyret. Dette fikk han ikke lov til, og resultatet ble at rådyret måtte lide i opp til en halvtime ekstra mens de ventet på viltnemnda. Rådyret hadde knekt beinet tvers av, hostet opp blod og var åpenbart i sterk smerte.»
Eg forstår representanten slik at saka gjeld avliving av storvilt som rådyr, sjølv om det i spørsmålet er nemnt rovdyr.
Eg vil peike på at omsynet til dyrevelferd står sentralt når det gjeld avliving av trafikkskadd vilt. Om lag 7 000 rådyr blir skadd og drepne årleg i trafikken. Dette er høge tal, og det er viktig at skadd vilt vert handtert og avliva på ein trygg og effektiv måte. Politiet og kommunane har her ei sentral rolle.
Dyrevelferdslova inneheld reglar om mellom anna hjelpeplikt og om avliving av dyr.
Regelverket opnar for at den som treffer på eit skadd storvilt som rådyr som openbart ikkje kan leve eller bli friskt, kan avlive dette på ein dyrevelferdsmessig forsvarleg måte. Dette gjeld dersom det ikkje er mogleg å få tak i politiet innan rimeleg tid. Vedkommande har ein varslingsplikt, men ikkje ein plikt til å avlive dyret.
Viltlova har og føresegn om skadde dyr. I forskrift om utøving av jakt, fangst og felling er det gitt reglar om varsling og avliving av skadd storvilt eller kongeørn. Det følgjer av føresegna at «den som utenom ordinær jakttid eller fellingsperiode kommer over skadet storvilt eller kongeørn som er påført store lidelser og ikke kan leve eller bli frisk, skal umiddelbart melde dette til kommunen. Kommunen skal sørge for avliving dersom dyret ikke kan bli friskt».
Sjølv om føresegna har noko ulike varslingsreglar, er det i praksis kommunen som følgjer opp situasjonar kor det er hjortevilt som er skadd i trafikken. Avliving av skadd vilt på eller langs veg stiller særlege krav til tryggleik. Etter mi oppfatning er gjeldande reglar, kor kommunen er gitt eit særleg ansvar for slik avliving, ein ordning som varetek dei ulike omsyna på best måte. Eg vil samstundes peike på at regelverket som nemnt over opnar for at ein person kan avlive skadd storvilt på ein dyrevelferdsmessig forsvarleg måte, i dei tilfella kor det ikkje er mogleg å få tak i politiet innan rimeleg tid.
Eg vil ikkje leggje opp til ei endring av gjeldande regler.
Med helsing
Geir Pollestad