Svar på skriftleg spørsmål frå Lene Westgaard-Halle om volummodell

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå Lene Westgaard-Halle (H) om omlegging til volummodell for meierivarer.

Eg viser til brev av 11. november 2024 med følgande spørsmål til skriftleg svar frå representanten Lene Westgaard-Halle:

«Støtter statsråden dette, og i så fall, hvordan mener statsråden dette bidrar til å skape tillit og forutsigbarhet?»

Representanten grunngjev spørsmålet sitt slik:

Ved omlegging til volummodell for meierivarer skriver regjeringen i Prop. 105S (2023-2024):

«Regjeringen er opptatt av at overgangen fra målpris til volummodell gjennomføres på en måte som bidrar til tillit og forutsigbarhet.»

Det er både viktig og riktig. Samtidig ser vi nå at allerede før den faktiske endringen er fastsatt gjennomført har styret i Tine vedtatt å øke råvarekostnaden for meierisektoren.

Under jordbruksforhandlingane 2024 vart det semje om å avvikle målprisen for mjølk. Endringa er naudsynt for ikkje å bryte forpliktingane om internstøtte som Norge har teke på seg i WTO-avtalen. Volummodellen vart valt fordi det er denne modellen som best bidreg til føreseielegheit for sektoren, og modellen gjer det mogleg å føre ein aktiv jordbrukspolitikk som støttar opp under mjølkeproduksjonen si viktige rolle for matsikkerheit, verdiskaping og landbruk over heile landet.  Den nye prismodellen medfører at Staten ikkje kan setje prisen på mjølk, verken gjennom jordbruksoppgjeret eller gjennom andre grep. Ansvaret for å setje ein prisambisjon i form av ein planlagt gjennomsnittleg engrospris (PGE) er i volummodellen for mjølk lagt til Tine som marknadsregulator i sektoren.

Det ligg til jordbruksavtalen å fastsetje prissystem for jordbruksprodukt. Den naudsynte endringa med å avvikle målpris og innføre volummodellen for mjølk vart derfor avtalt under jordbruksforhandlingane og forankra i Stortinget. Endringa vart gjort etter ein lengre prosess som starta under jordbruksoppgjeret 2023. For å få eit godt fagleg grunnlag vart partane samde om å setje ned ei arbeidsgruppe som skulle leie arbeidet med å greie ut alternative prismodellar for mjølk og korn. Gruppa sette ned faggrupper for kvar sektor som skulle greie ut alternative prismodellar. I desse faggruppene var marknadsaktørane godt representerte. Rapporten frå arbeidsgruppa og faggruppene vart lagd fram den 1. februar i år og låg til grunn for innspel, krav og tilbod for årets forhandlingar. Etter jordbruksoppgjeret i år gjekk Landbruksdirektoratet, etter instruks frå departementet, i gong med å greie ut regelverk for volummodellen for mjølk. Direktoratet hadde fleire innspels- og dialogmøte med aktørane i prosessen. Tilsvarande hadde departementet dialog og møter med aktørane i høyrings-runden fram mot fastsetjing av regelverket den 1. november.  

I høyringa av regelverket for ny prismodell var det fleire som peika på eit sterkare behov for kontroll med aktiviteten Tine er pålagt som marknadsregulator og korleis Tine skal setje planlagt gjennomsnittleg engrospris. Eg er samd i at tydeleg regelverk og kontroll er viktig for å etablere heilt nødvendig tillit til ordninga og til Tine i den nye rolla. Kontrollen med Tine er derfor forsterka. Ein viktig del av dette er å lage ei eiga forskrift som skal erstatte avtalen mellom Tine og Landbruksdirektoratet om administrativt og rekneskapsmessig skilje mellom råvarehandteringa og Tine si kommersielle industriverksemd. Departementet har bede Landbruksdirektoratet om å setje i gong dette arbeidet med det same. Vidare ligg pliktene Tine har som marknadsregulator fast. Desse er regulert av rammeforkrifta for verksemda til Omsetningsrådet. Landbruksdirektoratet er sekretariat for Omsetningsrådet og førebur og gjennomfører kontroll for Omsetningsrådet. 

Eg vil også minne om at Konkurransetilsynet sitt ansvar om å følgje opp bruttomarginane i Tine vert vidareført.

Eg meiner det har vore ein grundig prosess fram mot innføringa av volummodellen for mjølk der dei ulike aktørane både har fått kome med innspel, vorte lytta til og fått god innsikt i kva  omlegginga konkret ville medføre. Samla sett meiner eg det no ligg godt til rette for å få ein velfungerande prismodell for mjølk, som både sikrar at Norge held seg innanfor forpliktingane i WTO-avtalen og at mjølkeprisen vert sett innanfor ein forsvarleg balanse mellom konkurransekrafta til norsk mjølk, produksjonsvolum, produsentøkonomi og målet om jordbruk i heile landet.  

Mjølkesektoren er på mange måtar ryggrada i norsk jordbruk, og det å avvikle målprisen på mjølk er ei stor endring i norsk landbrukspolitikk. Det er svært viktig at rammene rundt prissetjing for mjølk er tydelege og har tillit både hjå mjølkeprodusentane, aktørane vidare i verdikjeda og hjå styresmaktene. Det ligg eit stort ansvar på både styresmaktene og aktørane i å bidra til at den nødvendige endringa vert gjennomført på ein måte som bidreg til tillit og føreseielegheit.

Med helsing

Geir Pollestad