Svar på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Per-Willy Amundsen om utvikling i reintal og tilgang på beiteareal
Svar til Stortinget | Dato: 16.12.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
Spm.Nr. 594
Vår referanse:
24/2366
Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Per-Willy Amundsen (Frp) om utvikling i reintal og tilgang på beiteareal.
Eg viser til brev dagsett 5. desember 2024 med følgjande spørsmål til skriftleg svar frå representanten Per-Willy Amundsen:
«Hvordan har utviklingen i det reelle reintallet vært siden 2012, fordelt på landets 6 reinbeiteområdene, og hvordan har utviklingen i tilgang på beiteareal vært i samme periode i de samme områdene?»
Det samla reintalet for reindrifta (dei seks reinbeiteområda og reinlaga) har dei siste åra variert rundt 215 000 tamrein i vårflokk, det vil sei før kalving. Nedanfor følgjer ei oversikt over utviklinga i reintalet i dei seks reinbeiteområda frå 2012 til 2023. Talet for 2024 er eit overslag per november 2024.
Kjelde: Landbruksdirektoratet.no
Eit for høgt reintal har vore ei utfordring over tid, men etter at gjeldande reindrifslov tredde i kraft i 2007, har det vorte gjennomført reduksjonsprosessar i Finnmark. Reintalet har dei seinare åra i all hovudsak vore under grensa som er sett for kvart einskild siida/reinbeitedistrikt.
Eit reintal tilpassa beitegrunnlaget er avgjerande for å nå målet om ei berekraftig reindrift og eg som landbruks- og matminister vil halde fram med å ha stor merksemd på dette målet. Landbruksdirektoratet skal arbeide for å vareta grunnlaget for ei berekraftig reindrift ved å bidra til at reintalet ikkje overstig fastsett øvre reintal. Reindriftsstyret fattar vedtak om reduksjon av reintal ved å nytta føresegnene i reindriftslova. Saman med statsforvaltaren skal direktoratet følgje opp dei siidaandelane som har auka reintalet over det fastsette reintalet. Landbruksdirektoratet skal vurdere behovet for offentleg kontrollerte teljingar på grunnlag av risikovurderingar frå statsforvaltaren.
Reindrifta er ei arealavhengig næring, og tilgang på nødvendige areal er ein sentral føresetnad for at næringa når målet om auka produksjon og lønsemnd. Behovet for fleksibilitet har auka grunna dei klimaskapte beitekrisene som reindrifta har opplevd dei siste åra. Tamrein beiter i ulike geografiske område etter årstidene, og ulike område har ulik bruks- og næringsmessig verdi. Det er derfor ikkje berre storleiken på tilgjengeleg areal som er viktig. Geografisk utbreiing av arealet har fleire funksjonar i tillegg til opphaldsstad og beite for tamrein. Areal med god avstand til forstyrringar er nødvendig for at reinen skal ha ro til å nyttiggjere seg tilgjengeleg beite. SSB publiserte i 2020 ein analyse som viste at om lag 89 prosent av alle årstidsbeite og flyttleier for tamreinen ligg innan fem kilometer frå fysiske inngrep som bygningar og infrastruktur.
Det samiske reinbeiteområdet utgjer om lag 40 pst av Noregs areal. Innanfor det samiske reinbeiteområdet er det likevel omfattande område som ikkje kan nyttast som reinbeite. Det er byar tettstader, landsbruksområde, infratsruktur, industrianlegg og turistanalegg. Areala som reinen kan beite er difor langt mindre enn 40 pst.
Det ligg ikkje føre tal som syner utviklinga i tilgang på beiteareal i perioden frå 2012. Det vert arbeidd med å utarbeide ei betre oversikt over dette.
Med helsing
Geir Pollestad