Svar på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Sofie Marhaug om hogst i Oslomarka
Svar til Stortinget | Dato: 24.10.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
Spm.Nr. 160
Vår referanse:
24/2014
Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Sofie Marhaug (R) om hogst i Oslomarka.
Eg viser til spørsmål nr. 160 frå representant Sofie Marhaug til landbruks- og matministeren:
«Kan landbruks- og matministeren offentliggjøre alle søknader og vedtak om Marka-hogst de siste fem årene og til og med frem til i dag, og ser ministeren fordelene med åpenhet og tilgjengelighet når det kommer til slike søknader og vedtak?
Begrunnelse:
Naturvernforbundet Oslo og Akershus har bedt om innsyn i hogstsøknader i Oslomarka (NRK, 20.10.2024). Dette for å hindre hogst av særlig verdifull skog. Det går riktignok an å finne vedtak om hogst i myndighetenes postlister, men dette gir ingen reell mulighet til å komme med innspill. Et minimumskrav burde være organisert meldeplikt og søknadsplikt før all hogst i naturskog. Naturvernforbundet Oslo og Akershus har bedt Landbruks- og matdepartementet om å offentliggjøre alle søknader og vedtak om Marka-hogst på samme sted, men har fått avslag på forespørselen.»
Openheit og tilgjenge er viktige prinsipp for regjeringa. Dette inneber òg at informasjon om søknader og vedtak i størst mogleg grad skal vere tilgjengeleg for allmenta.
Etter forskrift 10. september nr. 2698 om skogbehandling og skogsdrift i Oslo og nærliggjande kommunar er det kommunane som mottek søknader om hogst og som fattar vedtak om hogst. Kommunane publiserer vedtaka på overskriftsnivå på digitale offentlege postlister straks etter at dei er gjort. Dette er vanleg praksis for kommunane si openheit ovanfor allmenta. Eg har tillit til at kommunane gjer dette på ein god og samvitsfull måte. Eventuelle klagesaker blir handsama av statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus, og vedtaka hos statsforvaltaren vil vere offentleg tilgjengelege der.
Dette er saker som er offentleggjort av kommunane som gjer vedtaka. Eg ser ikkje korleis eg kan offentleggjera saker som alt er offentlege. Det er heller ikkje slik at departementet sit på desse sakene.
Med helsing
Geir Pollestad