Svar på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Sofie Marhaug

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Sofie Marhaug om søknader om vedtak av hogst.

Eg viser til spørsmål nr. 548 frå representant Sofie Marhaug til landbruks- og matministeren:

«Hvorfor kan ikke ministeren offentliggjøre alle søknader om vedtak om marka-hogst de siste årene, når ministeren sitter på de samme opplysningene som kommunen gjør?

Det er kommunane som fatter vedtak i førsteinstans etter forskrifta, og dei har hovedansvaret for offentleggjering av søknader og vedtak. Søknader og vedtak er derfor, slik det vart skildra i mitt tidlegare svar, offentleg tilgjengelege hos kommunane.

Mi oppfatning er at kommunane forvaltar dette godt og i tråd med gjeldande lovverk. Departementet sit ikkje på søknader og vedtak om hogst i marka. Det er òg mogleg å få innsyn i søknader og vedtak hos Landbruksdirektoratet sidan dei forvaltar det digitale søknadssystemet (ØKS). Denne oppgåva er delegert til Landbruksdirektoratet etter forskrift 10. september nr. 2698 om skogbehandling og skogsdrift i Oslo og nærliggjande kommunar § 7.

 

Med helsing

 

 

Geir Pollestad