Svar på skriftleg spørsmål om avl i landbruket
Svar til Stortinget | Dato: 05.12.2023 | Landbruks- og matdepartementet
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
Spm.nr. 590
Vår referanse:
23/2363-
Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) - om statsråden har som intensjon å unnlate å diskutere avlsproblematikk.
Svar på spørsmål nr 590 fra stortingsrepresentant Ingvild Wetrhus Thorsvik
Stortingsrepresentant Ingvild Wetrhus Thorsvik har stilt følgande spørsmål for skriftleg svar:
«Har statsråden som intensjon å unnlate å diskutere avlsproblematikk og valg av rase innenfor alle produksjoner i landbruket, eller er det kun bruken av dagens hurtigvoksende kyllingrase som ikke vil berøres i den kommende dyrevelferd?»
Eg meiner det er relevant både å vurdera konsekvensar for dyrevelferd knytt til ulike rasar eller hybridar og konsekvensar knytt til ulike produksjonseigenskapar i arbeidet med dyrevelferdsmeldinga. Så ser eg fram til å leggja fram ei god melding som balanserer ulike omsyn mot kvarandre og kjem med framtidsretta gode løysingar.
Med helsing
Geir Pollestad