Svar på skriftleg spørsmål om donasjon av overskotsmat
Svar til Stortinget | Dato: 08.08.2023 | Landbruks- og matdepartementet
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
Spm nr 2754
Vår referanse:
23/1546-
Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Andreas Limi (FrP) om arbeidet med regelverket om donasjon av overskotsmat.
Spørsmål nr 2754 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Hans Andreas Limi om arbeidet med regelverket om donasjon av overskotsmat
Eg viser til spørsmål til skriftleg svar frå representanten Hans Andreas Limi, som er overført frå Finansministeren til meg:
«Kan statsråden gi en oppdatering om fremdriften i arbeidet med avstemming av regelverket om donasjon av overskuddsmat, og opplyse om når endringene som Stortinget har bedt om kan forventes å være på plass?»
Eg viser til at Stortinget i sitt oppmodingsvedtak nr 545 frå 23. mars 2023 har bedt regjeringa om å «…avklare om handlingsrommet for donasjon av overskuddsmat til veldedige formål fra cruiserederier og skipshandlere mv. reelt begrenses av EU/EØS-regler, og avstemme regelverket i Norge med EU-land, med forbehold om at norske veterinærmyndigheter anser dette som forsvarlig». Dette oppmodingsvedtaket er sendt til landbruks- og matministeren for oppfølging.
Eg viser vidare til svar frå Finansministeren av 21. februar 2023 i tilknyting til Stortinget sin behandling av Dokument 8:116 S (2022–2023), der det vert gjort greie for regelverket knytt til grensekontroll av mat som blir importert frå tredjeland.
Som nemnt i Finansministeren sitt brev av 21. februar, har Mattilsynet hatt kontakt med andre EU/EØS-land for å sjå på kva slags handlingsrom det eventuelt er innanfor dyrehelse- og folkehelsemessige forsvarlege rammar.
Det vil vera særs viktig for meg at om det skal gjerast endringar må det ikkje bidra til auka risiko for verken folkehelsa eller dyrehelsa i Noreg. Det krev grundige vurderingar.
Arbeidet med å sjå på kva slags handlingsrom som kan vere og korleis dette kan følgjast opp i Noreg, er ikkje ferdig. Eg vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte for å rapportere om status for saka.
Med helsing
Geir Pollestad