Svar på skriftleg spørsmål om dyrevelferd i kyllingproduksjon

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle (H) om dyrevelferd i kyllingproduksjon.

Svar på spørsmål nr 2154 fra stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle

Stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle har stil følgande spørsmål for skriftleg svar:

«Hva mener statsråden er en god definisjon og et godt mål for dyrevelferd i kyllingproduksjon?»

Lov om dyrevelferd legg viktige føringar for behandling av dyr i Noreg. Dyr skal behandlast godt og vernast mot fare for unødige påkjenningar og belastningar. Dyr skal haldast i miljø som gir god velferd ut frå artstypiske og individuelle behov, under dette gi moglegheit for stimulerande aktivitetar, rørsle, kvile og anna naturleg åtferd. Dette gjeld og i kyllingproduksjon.

Fjørfenæringa jobbar systematisk og kunnskapsbasert med å vidareutvikle velferda. Det er eit godt mål for dyrevelferda i kyllingproduksjonen å vidareføra dette arbeidet, samstundes med at det skal vere mogleg å produsere kylling i Noreg.

Det vil i den varsla meldinga om dyrevelferd bli gitt vurderingar knytt til hald av kylling. Eg gjer merksam på at eg i spørsmål som gjeld vurderingar knytt til moglege reguleringar av konkrete hybridar har meldt meg inhabil i arbeidet med meldinga. 

Med helsing

Geir Pollestad