Svar på skriftleg spørsmål om Løken gard i Valdres
Svar til Stortinget | Dato: 20.09.2022 | Landbruks- og matdepartementet
Mottakar: Stortintet
Dykkar referanse:
Spm nr 2869
Vår referanse:
22/1469-
Landbruks- og matminister Sandra Borch har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo (V) - Planar for ny aktivitet og drift på Løken gard i Valdres.
Skriftleg svar på spm. nr. 2869 frå stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo - Planar for ny aktivitet og drift på Løken gard i Valdres
Stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo har stilt følgjande spørsmål:
«Statleg eigde Løken Gard i Valdres har stått tom og utan drift sidan Støre-regjeringa sist haust stoppa planane om sal av garden. Kva planer har landbruksministeren for å få ny aktivitet og drift av Løken Gard, til dømes ved å utvikle garden som eit nasjonalt senter for fjell-landbruk og dei omstillingane som må til i fjell-landbruket på grunn av klimaendringar, endra forbrukar-preferansar, ny teknologi etc?»
Etter at salet av Løken gard i Valdres blei stoppa i fjor haust, har det blitt arbeidd med å finne ei løysing for eigedomen. Det er ikkje lenger eit statleg behov for den, og det har blitt greidd ut om eigedomen kan huse eit nasjonalt senter for fjellandbruket. Eit initiativ, med Øystre Slidre kommune i spissen, har hatt ønskje og planar om å nytte eigedomen til eit nasjonalt senter. Eg har i den seinare tida hatt tett dialog med kommunen om saka med mål om å finne ei løysing.
Helsing frå
Sandra Borch