Svar på skriftleg spørsmål om Mattilsynets bekymring om økt bruk av vold mot griser

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Une Bastholm (MDG) om oppfølging av Mattilsynets bekymring om økt bruk av vold mot griser.

Spørsmål nr 2111 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Une Bastholm - Følge opp Mattilsynets bekymring om økt bruk av vold mot griser

Stortingsrepresentant Une Bastholm har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:

«Hvordan vil statsråden følge opp Mattilsynets bekymring om økt bruk av vold mot griser, og vil regjeringen komme med konkrete tiltak i dyrevelferdsmeldingen som adresserer de omfattende dyrevelferdsproblemene i svinenæringen?»

Bakgrunn for representantens spørsmål er brev frå Mattilsynet til svinenæringa datert 7. mai 2024, der det kan sjå ut som at Mattilsynet har registrert eit aukande omfang av saker med vald mot gris knytt til ein særskild type gris. Som representanten sikkert er kjent med, har Mattilsynet seinare sagt at dei ikkje hadde grunnlag for å konkludere om verken auka omfang av slike saker eller å kunne knytte desse sakene til ein særskild type gris.

Det er viktig for meg å understreke at det er nulltoleranse for vald mot dyr, og dei sakene det er snakk om er alvorlege brot på dyrevelferda.

Med helsing

Geir Pollestad