Svar på skriftleg spørsmål om Meraker Brug og kraftproduksjon

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Nikolai Astrup (H) om kraftproduksjon og Meraker Brug.

Svar på spørsmål nr. 2079 frå stortingsrepresentanten Nikolai Astrup

Eg syner til brev frå Stortinget sin president av 21. mai 2024 vedlagt spørsmål til skriftleg svar nr. 2079 frå stortingsrepresentanten Nikolai Astrup:

«Hvor mye kraftproduksjon ligger til grunn for Paretos verdivurdering av Meraker Brug, og har staten planer om å utnytte potensialet for kraftproduksjon på eiendommen?»

Statskog SF og Paretos vurderingar av kraftpotensialet på eigedomane til AS Meraker Brug er forretningssensitiv informasjon eg ikkje kan gå ut med offentleg. I samband med Kontroll- og konstitusjonskomiteen sin handsaming av Statskog SFs kjøp av AS Meraker Brug har komiteen fått tilsendt dei fullstendige verdivurderingane frå Statskog SF og Pareto.

Eg er oppteken av å fylgje opp dei prinsippa for statleg eigarskap som Stortinget har slutta seg til. Det er Statskog SF som har ansvaret for forvaltninga av sine eigedomar. Eg legg til grunn at Statskog SF har eit langsiktig perspektiv på korleis dei kan realisere verdiane på best måte. Dette må skje i samarbeid med kommunane eigedomane ligg i, dei som har rettar til bruk og andre aktørar.

Med helsing

Geir Pollestad