Svar på skriftleg spørsmål om offentleglova og innsyn

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Une Bastholm (MDG) om offentleglova og innsyn.

Svar til spørsmål nummer 1994 frå stortingsrepresentant Une Bastholm

Stortingsrepresentant Une Bastholm har stilt følgjande spørsmål til skriftleg svar:

«Vi har fått informasjon om at dyrevernere over flere år har bedt om innsyn i dokumenter tilhørende Mattilsynet og Landbruksdirektoratet, uten å få svar på tråd med lovpålagte frister. Nettverk for dyrs frihet har også dokumentert at korrespondanse mellom Mattilsynet og kjøttindustrien ikke har blitt journalført offentlig i tråd med lovens krav. Hva vil statsråden gjøre for å sikre at offentleglova overholdes, at svarfristen følges og offentlighetens rett til innsyn i informasjon om norsk dyrehold og matproduksjon ivaretas?»

I samband med utarbeidinga av dette svaret har eg vore i kontakt med Landbruksdirektoratet og Mattilsynet.

Både Mattilsynet og Landbruksdirektoratet opplev stor offentleg interesse for sine område.  Mattilsynet er ein av dei statlege organisasjonane som får aller flest innsynskrav årleg, og ligg no som nr. 2 på e-innsyns statistikken. Det har vore ei auke på 14 972 innsynskrav frå 2020 til 2023. I tillegg opplev både Mattilsynet og Landbruksdirektoratet eit aukande tal arbeidskrevjande innsynskrav, som inneber samanstilling av store mengder dokumentasjon.

For ivaretaking av meiroffentlegheit bruker ein tid på juridiske vurderingar for å sikra innsynsretten. Dette inneber at krava lyt vurderast av fleire, dokumenta lyt tilpassast, til dømes ved sladding. Det lyt òg gjerast prinsipielle vurderingar, noko som er tidkrevjande, men naudsynt. 

Gjennomsnittleg svartid for innsynsførespurnader til Mattilsynet sine regionar er i 2024 så langt på 11 dagar, likt som i 2023. Gjennomsnittleg svartid for innsynsførespurnader til Mattilsynets hovudkontor har gått ned frå 38 dagar i 2023 til 19 dagar så langt i 2024. På grunn av den auka mengda innsynskrav og klagesaker, har Mattilsynet sett det naudsynt å prioritera arbeidet med å effektivisera handtering av innsynskrav ytterlegare. 

Det er difor sett i verk ei rekkje tiltak i 2024 som skal redusera svartid og talet på klagesaker. Frå april i år har Mattilsynet sett i verk eit interregionalt samarbeid for å effektivisera handsaminga av innsynskrav. Det same blir no vurdert for hovudkontoret der innsyna blir handsama i kvar einskild seksjon. Dette skal bidra til ei raskare responstid i tida framover. 

Mattilsynet har òg teke i bruk verktøy som skal effektivisera prosessen. Dei har mellom anna utbetra sakshandsamingssystemet sitt og fått nye verktøy for sladding, samt oppdatert den interne rettleiinga om teieplikt i dyrevelferdssaker. Mattilsynet arbeider òg kontinuerleg med å redusera sakshandsamingstida, blant anna ved eit meir systematisk og team-basert, arbeid med innsynsklagesakene. I tillegg har klagesakseininga i 2024 mellombels vorte tilført ressursar frå andre delar av organisasjonen for å handsame klagesaker.

Både Mattilsynet og Landbruksdirektoratet sender i all hovudsak ut førebelse svar innan 3 dagar med svar på når søkjaren kan forventa svar, til dei som ber om innsyn.

Rett til innsyn er ein viktig grunnstein i demokratiet. Det er ei stor auke i innsynskrav, samstundes som det er naudsynt å gjere gode juridiske vurderingar knytt til blant anna teieplikt. Eg er oppteken av at Mattilsynet og Landbruksdirektoratet arbeider kontinuerleg med å effektivisera prosessane for å halde fristar, og at det blir praktisert meiroffentlegheit innan landbruks- og matforvaltninga.

Med helsing

Geir Pollestad