Svar på skriftleg spørsmål om økt eksport av norske landbruksprodukter

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle (H) om økt eksport av norske landbruksprodukter.

Svar på spørsmål nr. 1999 frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle om økt eksport av norske landbruksprodukter

Stortingsrepresentant Line Westgaard Halle har stilt følgjande spørsmål;

«Norsk lammekjøtt kan være et unikt egnet produkt for eksport av norske nisje- og kvalitetsvarer fra landbrukssektoren. Hvordan vurderer statsråden mulighetene for økt eksport av norske landbruksprodukter, slik som høykvalitets lammekjøtt, og vil statsråden legge til rette for at nisjeprodusentene vi har skal få mulighet til å eksportere i de volumene og tilgang til teknologien bransjen trenger for å lykkes?»

Norske landbruksprodukt har ei høg og unik kvalitet som eg meiner at fleire burde få oppleve, ikkje berre i den norske marknaden.

Eg har nyleg lagt fram ei melding til Stortinget med ein strategi for korleis Noreg kan auke sjølvforsyninga av jordbruksprodukt til 50 prosent. Dette er ikkje til hinder for at verksemder i landbruket òg kan satse på eksport.

Det er spennande marknader utanfor Noreg, og det har vore fleire målretta satsingar for å fremme norsk mat i utlandet, til dømes fenalår i Italia og Tyskland.

Innafor satsinga «Hele Norge eksporterer», har regjeringa sett i gang ei lang rekkje tiltak som skal leggje til rette for meir eksport. Innovasjon Norge forvaltar fleire risikoavlastande verkemidlar og verkemidlar knytt til rådgjeving og produktutvikling som skal fremme næringsutvikling og innovasjon i sektoren. Eg meiner at dei samla verkemidla som vi har gjort tilgjengeleg, er eit viktig bidrag til at landbrukets verksemder skal kunne ruste seg for ein eventuell eksport.

I handelsforhandlingar søkjer vi å betre marknadstilgangen for produkt der vi har potensiale for eksport. Til dømes har vi tollfrie eksportkvoter inn til EU for sauekjøtt (300 tonn) og fenalår (200 tonn).

Dei fleste landa utanfor EU krev at det skal sendast med eit helsesertifikat saman med varepartia. Mattilsynet har ansvaret for å utarbeide relevante eksportdokument som importlandet krev, samt å leggje til rette for å forhandle protokoller eller (bilaterale) avtaler der det er naudsynt å opne tilgang til marknaden. Samstundes lyt næringsaktørane sjølv ta ansvar for å undersøkje kva som skal til for å komme inn på nye eksportmarknader, eventuelt i samarbeid med Innovasjon Norge eller bransjeorganisasjonar.

Eg har stor tru på at enkelte norske kvalitetsprodukt frå landbruket kan være attraktive i marknader utanfor Noreg, samstundes som norsk landbruksproduksjon og landbrukspolitikk framleis i all hovudsak vil vere innretta mot marknaden i Noreg.

Med helsing

Geir Pollestad