Svar på spørsmål om oppfylling av lausdriftskravet frå stortingsrepresentant Geir Jørgensen

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål om oppfylling av lausdriftskravet frå Geir Jørgensen (R)

Svar på spm. nr. 401 - frå stortingsrepresentant Geir Jørgensen – om investeringar for å oppfylle lausdriftskravet og lønnsemd i prosjekta

Representanten Geir Jørgensen har i brev av.18. november d.å. stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:

 

«Hvordan forholder statsråden seg til faktumet at investeringer i løsdrift kan bli et tapsprosjekt for flere bønder, noe som da setter en stopper for å få nødvendig finansiering, og at valget så må bli omlegging av produksjon eller nedleggelse?»

 

I grunngjevinga for spørsmålet er det vist til at om lag 40 pst. av søknadane til Innovasjon Norge Innlandet har krevjande lønnsemd. Det blir vidare peika på at lønnsemda i næringa er for dårleg til å kunne finansiere ombygging til lausdriftsfjøs i tråd med lausdriftskravet som blir innført frå 2034, og at alternativet for mange blir avvikling av noverande produksjon i form av omlegging eller nedlegging av drifta.

 

Som representant Jørgensen peikar på, er lausdriftskravet eit viktig grep for auka dyrevelferd i Noreg. Regjeringa har difor i denne Stortingsperioden auka løyvinga til investeringsstøtte til jordbruket med nærare 80 pst. Tall frå Tine og Kukontrollen for 2023 viser at 72,1 pst. av mjølka i Noreg no blir produsert i lausdriftsfjøs. Tall frå Innovasjon Norge frå november 2024 viser at 94 pst. av årets tilskotsramme er brukt opp på landsbasis, og der heile den tildelte ramma for Innlandet er brukt opp. I tillegg gjekk den nasjonale potten på 200 mill. kroner øyremerka investeringar i lausdriftsfjøs tom allereie i juni 2024. Omleggingstakta frå båsfjøs til lausdriftsfjøs er med andre ord generelt positiv.

 

Ein monaleg del av dei båsfjøsa som står att er på små og mellomstore bruk, t.d. på Vestlandet og i Innlandet, der ressursgrunnlaget tilseier at det krevjande å få tilfredsstillande økonomi i drifta. Investeringsverkemidla har ein tydeleg strukturprofil ved at særleg fjøs med inntil 30 kyr skal prioriterast ved tildeling av støtte. I jordbruksoppgjeret i 2023 blei det semje om å heve maksimal støttesats til 50 pst. av kostnadane ved investeringa, avgrensa til maksimalt 5 mill. kroner, særleg for å imøtekomme denne utfordringa. Dette bidreg til ei betydeleg risikoavlastning for bonden ved investering. Samtidig er det viktig å arbeide for mest mogleg økonomisk berekraftige investeringar. Det er difor innført eit avklaringstilskot i forkant av investeringa. Dette er særleg aktuelt for små og mellomstore bruk, der det er utfordringar med å få til økonomisk berekraftige prosjekt. Dette skal bidra til at planlegginga av investeringane blir betre og at bonden skal ha større kontroll over avgjersla om investering og konsekvensane av denne for den framtidige økonomien og drifta på garden.

 

I fleire regionar blir det no jobba godt for å tilby gode løysingar for å ta ned investerings­kostnadane. Prosjekt «Innlandsfjøset» er eit døme på dette, der det er sett på løysingar særleg tilpassa dei mindre bruka. Verkemiddelapparat og rådgjevingstenestene må vidare jobbe for å få ned investerings­kostnadene i prosjekta gjennom god planlegging. Eg forventar at Innovasjon Norge tek ei tydeleg koordinerande rolle i dette. Omlegging frå båsfjøs til lausdriftsfjøs er eit tema som har høg prioritet i dei årlege jordbruksoppgjera, og eg vil jobbe for at flest mogleg melkebruk legg om til lausdrift og vert med vidare.

 

 

 

Med helsing

 

 

Geir Pollestad