Svar på skriftleg spørsmål om rettsakter som er EØS-relevante

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle (H) om ein oversikt over rettsakter på område som ventar på å bli tatt inn i EØS-avtalen.

Spørsmål til skriftleg svar nr. 185 frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle om oversikt over rettsakter på Landbruks- og matdepartements område som venter på å bli tatt inn i EØS-avtalen

Eg viser til spørsmål til skriftleg svar frå representant Lene Westgaard-Halle:

«Kan jeg be om en oversikt over rettsakter som er EØS-relevante på Landbruks- og matdepartements område og som venter på å bli tatt inn i EØS-avtalen, inkludert når de ble vedtatt i EU?»

Matområdet er omfattande og utgjer nærare 35-40 % av rettsaktane som kvart år vert teke inn i EØS-avtalen. Mattilsynet og matdepartementa (LMD, HOD og NFD) handsamar årleg ca. 250-300 rettsakter. I tillegg vert det årleg handsama ca. 100 rettsakter som vert innlemma etter såkalla forenkla prosedyre. Saksporteføljen er i kontinuerleg endring. Samstundes som rettsakter vert innlemma kvar månad, kjem det heile tida nye rettsakter inn for vurdering. Sidan saksportefølja er stor, vil det til ein kvar tid vere ein del saker til vurdering og i prosess for innlemming.

Dei tre oversiktene som er lagt ved syner alle rettsaktene som er aktuelle for innlemming i EØS-avtalen på område som ligg under Landbruks- og matdepartementet akkurat no. Den eine lista syner kva slags rettsakter som ligg til vurdering på EFTA-sida. Dei andre to syner kva slags rettsakter som, etter klarering på EFTA-sida, er sendt over til EU. Etter at EU har klarert rettsaktene kan dei innlemmast i EØS-avtala.

For mange av rettsaktene på listene har Landbruks- og matdepartementet eit felles ansvar saman med Helse- og omsorgsdepartementet og/eller Nærings- og fiskeridepartementet. Dette gjeld særleg på veterinær- og fôrområdet og på næringsmiddelområdet. («veterinary issues», «feedingstuffs» og «foodstuffs»).

Oversiktene har ei kolonne der det står «compliance date», som er datoen for når regelverket skal gjelde i EU-medlemsstatane. Om det står N/A (not applicable) i denne kolonnen gjeld det eit forslag til rettsakt som ennå ikkje er endeleg vedteke i EU.

EØS-relevant regelverk skal i prinsippet, så  langt det er mogleg, gjelde samstundes for EU- og EFTA-statane. Innlemming av ei rettsakt i EØS-avtalen kan likevel fyst skje etter at EU har vedteke rettsakta. Formelt sett er det artikkel 102 nr. 1 i EØS-avtalen som regulerer dette; rettsakter skal innlemmast så nært som mogleg i tid etter at dei er vedteke i EU. Det er ikkje nedfelt nokon konkret frist. I praksis er det slik at vurdering og innlemming skal følgje visse prosedyrar både på EFTA- og EU-sida og det tek normalt minimum fire månader å få rettsakter på plass i EØS-avtala.

Det kan til slutt nemnast at regjeringa rapporterer to gonger i året til Stortinget på alle EU-rettsakter som er aktuelle for innlemming i EØS-avtalen. Denne rapporteringa gjev oversikt over alle saker på alle område.

Med helsing

Geir Pollestad

Vedlegg: