Svar på skriftleg spørsmål om settestatsråd
Svar til Stortinget | Dato: 23.11.2023 | Landbruks- og matdepartementet
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
Spm. nr. 451
Vår referanse:
23/2250-
Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle (H) om kven som skal være settestatsråd i samband med habilitet.
Skriftleg svar på spørsmål nr 451 frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle
Eg syner til spørsmål frå representanten Lene Westgaard-Halle til statsministeren, som han har bede meg svare på:
«Har statsministerens kontor i saker som omhandler dette temaet vedtatt hvem som skal være settestatsråd, slik at Stortinget kan rette spørsmål til rette vedkommende?
Landbruks- og matdepartementet oppmoda 4. september 2023 Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet om ei vurdering av min habilitet, mellom anna knytt til min families forretningsforhald. Tilleggsopplysningar vart ettersendt 19. september, 19. oktober og 13. november 2023.
Når svar føreligg frå Lovavdelinga vil eg, om det er naudsynt, be Statsministerens kontor om å utnemne settestatsråd for meg.
Med helsing
Geir Pollestad