Svar på skriftleg spørsmål om Tine og Nortura som marknadsregulatorar
Svar til Stortinget | Dato: 24.01.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
Spm.nr. 955
Vår referanse:
24/149-
Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt (FrP) - Systemet med Tine SA og Nortura SA som marknadsregulatorar.
Svar på spm nr 955 frå stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt - Systemet med Tine SA og Nortura SA som marknadsregulatorar
Eg viser til brev av 19. januar 2024 med spørsmål til skriftleg svar frå representanten Bengt Rune Strifeldt:
«Mener statsråden at systemet med Tine SA og Nortura SA som markedsregulatorer er velfungerende?»
Marknaden for jordbruksvarer har nokre viktige kjenneteikn som gjer det naudsynt med særlege ordningar for å balansere marknaden. Ordningane syter for å handtere situasjonar med overskott og for at marknaden vert supplert med import ved underdekning, slik det no blir gjort for mjølkepulver og egg. Så heilt konkret meiner eg at ja, systema med Tine SA og Nortura SA som marknadsregulatorar er velfungerande. Det er likevel slik at ein alltid kan gjere ting betre, og eg er ikkje nøgd med at vi ikkje har nok norsk mjølk og egg til ei kvar tid. Det var eg òg tydeleg på da eg møtte Tine og Nortura i samband med denne saka den 16. januar. Eg forventar at dei tek lærdom av erfaringane som no vert gjort.
Spørsmålet frå representanten Strifeldt gjev meg ei god moglegheit for å peike på kvifor vi har eit system med marknadsregulator, korleis dei virkar og at alternativa ikkje er særleg gode.
Det er eit grunnleggjande premiss i jordbrukspolitikken at jordbruket sjølv har ansvaret for å bere kostnadane ved overproduksjon gjennom lågare prisuttak og omsetningsavgift for å dekkje reguleringskostnader. Det er også slik at det er bøndene sjølv, gjennom dei produsenteigde samvirkeorganisasjonane på mjølk, kjøtt og egg og korn, som gjennomfører marknadsbalanseringa.
Tilbodssida i produksjon av jordbruksråvarer har nokre særtrekk samanlikna med andre vareproduserande næringar. Jordbruksproduksjon er ei biologisk næring som ikkje kan endre produksjonen på kort sikt. Fleire råvarer har svært lang produksjonssyklus, i praksis kan det gå fleire år frå ein bestemmer seg for å starte, utvide eller fortsette produksjonen, til råvara er ferdig produsert. Det er heller ikkje mogleg å sette produksjonen «på vent» undervegs. Etterspurnaden er òg prega av låg priselastisitet. Det betyr at ein i ein uregulert marknad vil få svært store prisfall om det er for stor produksjon i høve til etterspurnaden, og sterk prisvekst dersom det er for lite varer i marknaden. Summen av dette gjer at det er naudsynt å regulere marknaden. Dette er til gode for både produsentane og forbrukarane.
Hovudverkemidla i marknadsordningane for kjøtt, egg, mjølk og korn er innretta for å balansere nettopp dette. Overordna er det slik at prisen på lang og mellomlang sikt skal balansere marknaden. Det medfører at ein over tid, ikkje kan oppretthalde eit prisnivå som gjev ein produksjonsstimulans som er større enn det ein får seld varen for i marknaden. På den andre sida må summen av pris og tilskott gje ein produksjonsvilje som sikrar nok produksjon. I mjølkesektoren har ein i tillegg kvoteordninga som eit viktig verkemiddel til å styre totalt produksjonsvolum og regional produksjonsfordeling.
På kortare sikt er det slik at marknadsregulatorane kan setje i verk tiltak ved overskott i marknaden, som for eksempel sesonglagring og produksjonsregulerande tiltak. Produksjonsregulering krev normalt særskild vedtak i Omsetningsrådet. Ved underdekning i marknaden er tollvernet innretta slik at sats for tollavgift kan setjast ned for å sikre tilgang på importvarer som kan supplere norsk produksjon.
Marknadsregulatorane har i tillegg til ansvar for å balansere marknaden plikt til å ta i mot/ hente leveransar frå alle produsentar til same vilkår som produsentar som er medlemmer hjå marknadsregulator (for mjølk gjeld dette produksjon innanfor kvote). Mottaksplikta er eit svært viktig verkemiddel for å ha landbruk over heile landet. I tillegg er forsyningsplikta eit konkuransepolitisk verkemiddel som er utforma slik at samvirka sine konkurrentar får tilgang til råvarer og lettare kan bidra til mangfald og konkurranse.
Regjeringa har store ambisjonar for å auke norsk sjølvforsyning. Det er derfor viktig at jordbruket produserer mest mogleg av det vi har føresetnader til å produsere innanlands innanfor det marknaden etterspør. Høg norsk sjølvforsyning bidreg til beredskap, trygg mat og landbruk i heile landet. Systema med marknadsbalansering er avgjerande for at vi skal oppnå desse måla.
Med helsing
Geir Pollestad