Svar på skriftleg spørsmål om viktige naturverdiar i norsk skog
Svar til Stortinget | Dato: 26.09.2023 | Landbruks- og matdepartementet
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
Spm. nr. 3182
Vår referanse:
23/1813-
Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Mathilde Tybring-Gjedde (H) om dagens metode for innsamling, registrering og kontroll av viktige naturverdiar i norsk skog.
Svar på spørsmål nr. 3182 frå stortingsrepresentant Mathilde Tybring-Gjedde
Eg viser til brev frå Stortinget av 19. september 2023.
Stortingsrepresentant Mathilde Tybring-Gjedde har stilt følgjande spørsmål til landbruks- og matministeren om oppfølginga av vedtak 519:
«Hva er status for denne gjennomgangen, når vil regjeringens vurdering om nye tiltak legges frem for offentligheten og/eller Stortinget, og hvem har ansvar for å foreta gjennomgangen?»
Representanten viser til vedtak 519 om en meir berekraftig skogforvaltning. Vedtaket ble gjort ved handsaminga av Dokument 8:40 S (2022–2023), jf. Innst. 191 S (2022–2023).
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå dagens metode for innsamling, registrering og kontroll av viktige naturverdier i norsk skog, og vurdere tiltak for å sikre at intensjonen med miljøregistrering er ivaretatt, og at miljøregistreringen har tilstrekkelig kvalitet.»
Landbruks- og matdepartementet gav i brev av 9. mai 2023 Landbruksdirektoratet i oppdrag å setje i gang ein feltkontroll som eit ledd i oppfølginga av oppmodingsvedtaket.
Direktoratet har utarbeidd eit opplegg for å evaluere miljøregistreringane. Det er lagt opp til at feltarbeidet skal starte i 2024. Forskarar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) vil gå gjennom kunnskapsgrunnlaget bak opplegget for registreringane.
Eg vil komme tilbake til Stortinget på egna måte når desse tiltaka er utførte.
Arbeidet må òg sjåast i samanheng med regjeringa sitt arbeid med å vurdere tiltak for å oppretthalde eller forbetre den økologiske tilstanden i økosystema.
Med helsing
Geir Pollestad