Svar på skriftleg spørsmål om viltlova
Svar til Stortinget | Dato: 12.10.2023 | Landbruks- og matdepartementet
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
Spm. nr. 29
Vår referanse:
23/1929
Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) om viltlova.
Svar på spørsmål nr. 29 til skriftleg svar om status på arbeidet med å revidere viltlova og spørsmål om å oppheve gjeldande § 10 frå stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn
Eg syner til brev frå Stortinget sin president av 5. oktober 2023 vedlagt spørsmål frå stortingsrepresentanten Sveinung Rotevatn:
«Kva er status på arbeidet med revidering av viltlova, og vil regjeringa støtte ei oppheving av noverande § 10 om jaktforbod i romjula og på utvalde religiøse høgtidsdagar?»
Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet arbeider med å revidere viltlova. Før saka kjem til Stortinget må ho blant anna ut på alminneleg høyring. Vi tek sikte på å sende saka på høyring i løpet av 2024. Eg kan ikkje seie noko nærare om når Stortinget kan vente å få saka til handsaming.
I arbeidet med å revidere viltlova, går departementa gjennom og vurderer alle reglane i gjeldande viltlov. Det endelege forslaget til lov, der også dagens § 10 vil verte vurdert, vil fyrst vere klart når saka sendast til handsaming i Stortinget.
Med helsing
Geir Pollestad