Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om tap av dyr som følge av aukande flåttbestand

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal (KrF) om kva statsråden vil gjere for å bekjempe auka tap av dyr som følge av den aukande flåttbestanden.

Svar på skriftleg spørsmål nr 1482 frå representanten Line Henriette Hjemdal 

Eg viser til følgjande spørsmål nr. 1482 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal:

"Høye tapstall for lam skyldes ikke bare rovdyr. Bønder og forskere peker på infeksjon og sykdom etter flåttbitt som en økende utfordring. Særlig er sykdommen sjodogg og de medfølgende svekkelsene av immunforsvaret en medvirkende årsak.
Hva vil statsråden gjøre for å bekjempe økt tap av dyr som følgje av den økende flåttbestanden?"

Sjølv om tapa av sau og lam på beite, både på grunn av rovvilt og andre årsaker, har gått mykje ned dei siste åra, er tap av lam og dyrelidingar på grunn av flått ei utfordring for sauenæringa i mange område i Sør-Noreg.

På grunn av auka geografisk utbreiing av flått, aukar talet på dyr som blir smitta av flåttboren sjukdom og det same gjer talet på brukarar som må gjere tiltak som avgrensar skadane. Dette betyr at brukarane i slike område må oppdatere seg på ny kunnskap om driftsopplegg og om tilgjengelege medisinar til førebygging og behandling. Det vil òg krevje meir tid til tilsyn og behandling av dyra enn det elles ville gjort for å ha ein god produksjon.

Ein studie ved NIBIO i samarbeid med Universitetet i Oslo og NMBU kan tyde på at beiting og opne kulturlandskap kan vere positivt for å redusere mengda flått i beiteområda.

Styrking av økonomien i sauehaldet generelt og auka vekt på utmarksbeite, slik det har vore lagt opp til i dei siste jordbruksoppgjøra, kan såleis ha positiv verknad også i denne samanhengen.

 

Med helsing

Jon Georg Dale