Svar på skriftleg svar frå stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på spørsmål om erstatning til pelsdyrbønder.

Stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:

«Kan statsråden redegjøre for hvor mange pelsdyrbønder som ennå ikke har fått sin erstatning, hvor mange pelsdyroppdrettere som ukentlig får tilbud fra Staten, og når kan vi forvente at alle pelsdyrbøndene har fått sin rettmessige erstatning?»

Forbodet mot pelsdyrhald kom da FrP og Høgre tok inn Venstre i regjering. Eg er oppteken av at det skal utbetalast ein anstendig erstatning. Det er viktig å understreke at den erstatninga som nå utbetalast ligg på eit langt høgare nivå enn det regjeringa Solberg la opp til. Det er også slik at forskot som er utbetalt vil for alle, eller stort sett alle, ligge betydeleg over nivået på den ordninga som Solberg-regjeringa la opp til. Denne regjeringa har vektlagt å styrke ordninga betydelig. Eg er oppteken av rask behandling, men også at behandlinga blir gjort skikkelig. Dette for å sikre eit mest mogleg rettferdig oppgjer for pelsdyrbøndene.

Landbruksdirektoratet har fått 274 erstatningskrav, og per 17. september 2024 er det gjeve 111 endelege tilbod og 38 avslag. Dersom ein held avslagssakene utanfor, står det altså att 125 krav om erstatning der ein må gje endeleg tilbod tilbod. I desse sakene har oppdrettarane fått tilbod om forskot.

Talet på tilbod som blir gjeve kvar veke har auka gjennom 2024, og gjennomsnittet ligg no på 3,3 tilbod per veke.

Forskot har blitt gjeve som 90 % av førebels berekna bruksverdi, eller 75 % av nedskriven attkjøpsverdi for anlegg som har vorte taksert på oppdrag frå Norges Pelsdyralslag. Det er gjeve tilbod om forskot på oppunder ein milliard kroner, og sett i ansvar totalt 1,34 milliardar kroner til erstatningsordninga. Til no er det utbetalt nærare 1,64 milliardar kroner på alle ordningar knytt til forbodet mot pelsdyrhald.

For regjeringa er det viktig å sluttføre oppgjeret til pelsdyroppdrettarane, og eg følgjer nøye med på framdrifta. Målet er at alle som har rett på erstatning får eit endeleg tilbod seinast i løpet av sommaren 2025.

 

Med helsing

Geir Pollestad