Svar på skriftlig spørsmål om landbruksnæringa i Møre og Romsdal
Svar til Stortinget | Dato: 05.05.2022 | Landbruks- og matdepartementet
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
Spm nr 1925
Vår referanse:
22/804-
Landbruks- og matminister Sandra Borch har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Frank Edvard Sve (FrP) - Konsekvensane for landbruksnæringa i Møre og Romsdal.
Svar på spørsmål nr. 1925 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Frank Edvard Sve - Konsekvensane for landbruksnæringa i Møre og Romsdal
Eg viser til ditt spørsmål til Finansminister Trygve S. Vedum:
«Kan finansministeren leggje fram konsekvensane for landbruksnæringa i Møre og Romsdal, med bakgrunn i den kraftige kostnadsauken næringa har fått på svært mange driftsområder?»
Spørsmålet er oversendt Landbruks- og matministeren for svar.
Den samla kostnadsauken på sentrale innsatsfaktorar i jordbruket sidan hausten 2021 har vært krevjande for heile næringa.
Budsjettnemnda for jordbruket har lagt fram grunnlagsmaterialet for årets jordbruksforhandlingar, fordelt på tre utredningar. Utredning nr. 1 (Totalkalkylen) viser tal for heile jordbruksnæringa, ikkje fordelt på fylker. Utredning nr. 2 (Referansebruksberegninger 2022) viser berekningar på bruksnivå for ulike produksjonar, størrelse på bruk og områder, inndelt etter arealsoner. Utredning nr. 3 (Resultatkontrollen for gjennomføring av landbrukspolitikken) rapporterer mellom anna på fylker, med 2021 som siste registrerte år.
Jordbruksoppgjeret er ein viktig arena for å gå gjennom verkemidla og rammevilkåra saman med jordbruksorganisasjonane. Eg ser fram til årets forhandlingar. Jordbruket la fram sitt krav 27. april, og staten skal legge fram sitt tilbod 4. mai. Frist for forhandlingane er 16. mai. Etter dette vil eg leggje fram ein proposisjon for Stortinget om resultatet av forhandlingane. Proposisjonen vil også innehalde beskrivelse av situasjonen for jordbruket og korleis regjeringa vil bidra til å løyse utfordringane for denne næringa.
Med helsing
Sandra Borch