Svar på spørsmål 65 frå stortingsrepresentant Kathy Lie om initiativ til å gje servicehundar generelt unntak frå bandtvang

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart stortingsrepresentant Kathy Lie på spørsmål om initiativ til å gje servicehundar generelt unntak frå bandtvang.

«Det er ingen tvil om hva en servicehund er. Likevel gir statsråden i sitt svar inntrykk av at dette er uklart. En servicehund er en offentlig godkjent, profesjonelt trent, hund lånt ut av Nav. Basert på dette: Vil statsråden ta initiativ til å gi servicehunder, som er profesjonelt trent og utlånt av Nav, generelt unntak fra båndtvang, slik at de kan gjøre jobben sin?»

Eg viser til mitt svar 28. september 2024, på spørsmål nr 2867 frå representanten Lie, der eg signaliserte at eg vil vurdere ei forskrift som regulerer unntak frå reglane om bandtvang for servicehundar. Det er for tidleg å seie når eit eventuelt utkast til ei slik forskrift kan bli sendt på høyring.  

 

Med helsing

 

Geir Pollestad