Svar på spørsmål frå fra stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle om inngjerding av innmark som beskyttelse mot ulovleg beitande rein
Svar til Stortinget | Dato: 16.01.2025 | Landbruks- og matdepartementet
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
Spm.Nr. 786
Vår referanse:
25/57
Landbruk- og matminister Geir Pollestad (Sp) har svara på spørsmål frå fra stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle (H) om inngjerding av innmark som beskyttelse mot ulovleg beitande rein.
Svar - Spørsmål nr. 786 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle om inngjerding av innmark som beskyttelse mot ulovleg beitande rein
Representanten Lene Westgaard-Halle har i brev 8. januar 2025 stilt følgjene spørsmål til skriftleg svar:
«Er statsråden enig med statsforvalteren i at jordbruket bør gjerde inn innmark for å beskytte seg mot ulovlig beitende rein, langt utenfor det samiske reinbeiteområdet, og vil statsråden foreta seg noe for å bistå bøndene i Tufsingdalen, Narjordet og Narbuvollen?»
Eg er kjent med konfliktane mellom jordbruk og reindrift i dei områda som det blir vist til i spørsmålet frå representanten Lene Westgaard-Halle. Eg har òg vore i området og møtt bønder, reineigarar og representantar frå kommunane sist haust.
Det er statsforvaltaren som lokal styringsmakt som har ansvaret for å følgja opp brot på reindriftslova. Det er viktig at reindriftslova blir følgd, og at det skjer ein effektiv handheving av reindriftslova.
Departementet har vurdert at statsforvalternes praksis knytt til oppfølging av brot på reindriftsloven i disse sakane ikkje har vore god nok. Difor sendte Landbruks- og matdepartementet brev til alle statsforvaltarane den 14. oktober 2022. Departementet vurderte at statsforvaltarane må ha auka merksemd på problemstillingar og saker knytte til at rein kjem utanfor lovlege beiteområda. Det er det klåre inntrykket til departementet at statsforvaltarane har hatt auka merksemd på desse sakene. Me registrerer òg at statsforvaltaren no har auka nærvær i det aktuelle området.
Problemstillinga tok eg òg opp i mitt årlege møte med Reindriftsstyret den 5. desember 2024. Desse sakene skal ha auka merksemd frå Reindriftsstyret og eg understreka viktigheita av at brot på reindriftslova blir effektivt følgt opp.
Når det gjeld representantens spørsmål om inngjerding av innmark, vil eg nemne at sjølv om inngjerding av innmark er eit verkemiddel, meiner eg oppmodinga om å gjerde inne innmark frå statsforvaltaren i Trøndelag gjekk for langt. Eg har òg vore særs klar på at distriktsgrensene for det samiske reinbeiteområdet ligg fast og skal respekterast.
Eg vil videre vise til at eg har teke ei avgjerd om at det skal opprettast eit utval som skal sjå nærmare på moglegheitene for betra sameksistens mellom jordbruks og reindrift i Nord-Østerdalen, knytt til den sør-austlege grensa for det samiske reinbeiteområdet.
Utvalet skal kartleggja eksisterande utfordringar og kva som er grunnlaget for desse. Utvalet skal òg foreslå tiltak som kan bidra til betra sameksistens, og leggje til rette for betra dialog og tillit mellom partane.
Eg meiner det arbeidet som utvalet skal gjere vil danna grunnlag for ein vidare oppfølging av utfordringane i områda, og vil difor venta med å vurdera kva tiltak som er mest effektive til utvalet har fått gjort sitt arbeid.
Med helsing
Geir Pollestad