Svar på spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Jørgensen om skjerping av importvern og konkurranseevna til norske storfeprodusentar

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart stortingsrepresentant Geir Jørgensen (R) på spørsmål om skjerping av importvern og konkurranseevna til norske storfeprodusentar

Representanten Geir Jørgensen stiller i brev 4. oktober følgjande spørsmål:

«Vil ministeren utrede muligheten for å skjerpe importvernet gjennom økt toll og/eller redusert importkvote for å styrke posisjonen og konkuranseevnen til norske storfeprodusenter?»

Eit sterkt og velfungerande tollvern er ein sentral del av den norske landbruksmodellen. Det er bakgrunnen for at tollvernet for einskilde grønsaker og potet vert styrka i 2024.

Noreg har bunde kvotar for storfekjøtt både i WTO-avtala og bilaterale handelsavtalar (EU og SACU-landa). I tillegg har vi gitt u-land storfekjøttkvotar gjennom GSP-systemet vårt. Vi har også gitt ein mindre kvote på ti tonn tørka storfekjøtt til EFTA-landa.

Det er ulik utnyttingsgrad mellom dei ulike importkvotane for landbruksvarer Noreg har gjeve i ulike avtalar. Kvotane for storfekjøtt har historisk hatt full eller nesten full utnytting. Det totale kvantum for alle kvotane er til saman 7794 tonn. Det vart importert 7282 tonn under kvotane i 2023. Det ga ei utnytting på 93 prosent av det totale kvantumet. Kvotane blir fordelt anten etter auksjonar gjennomført av Landbruksdirektoratet eller ved fordeling frå Tolletaten etter prinsippet «førstemann-til-mølla».

Med unntak av einskilde u-landskvotar er kvotane sitt kvantum og tollavgift bunde i internasjonalt forpliktande avtalar. Desse ligg fast.

Kvotane, som blir utnytta årleg, er godt innarbeidd hos aktørane i den norske kjøttmarknaden. Dei er i praksis ein del av marknadsreguleringa, og inngår i Nortura sine kalkylar når dei balanserer tilbod og etterspurnad i det norske marknaden. I tidlegare år med underskot på storfekjøtt i den norske marknaden, har Landbruksdirektoratet i periodar sett ned tollsatsen for å kunne supplere den norske marknaden med storfekjøtt. I nokre år har importen vore langt høgare enn i dag, opp mot 20 000 tonn. Grunna overskot i den norske marknaden vart det ikkje tollnedsettingar i 2023. Det er heller ikkje venta i 2024.

Berre om lag 100 tonn storfekjøtt vart importert til ordinær toll i 2023. Ei auke av tollsatsen på storfekjøtt vil soleis, med situasjonen og prisnivået som er i dag, i lita grad påverke eksisterande handel då kvantum og tollavgift innan importkvotane er bundne og ligg fast.

Styrken i tollvernet avheng av skilnader mellom norsk pris og internasjonal pris. Denne varierer mellom år og med det også styrken i tollvernet. Endringar i kursen på norske kroner påverkar også styrken. Ei svekka krone dei seinare åra har isolert sett betydd auka importprisar, og dermed eit sterkare tollvern for norske produkt. Dette speglar seg og i svært låg import til ordinær toll utanfor våre kvotar dei seinare åra.

I dag er styrken i tollvernet for storfekjøtt god og importen av storfekjøtt er i all hovudsak avgrensa til kvoteimport etter handelsavtalar. Vi følgjer med på utviklinga i styrken i tollvernet. Eit sterkt importvern er ein føresetnad for å oppretthalde ein norsk produksjon av storfekjøtt og andre sentrale produksjonar i landbruket.

Eg er usikker på kva ei utgreiing, slik representanten ynskjer, skal gje av ny kunnskap. Eg ser at me har tilstrekkeleg med kunnskap både om situasjonen i storfemarknaden og tollsystemet.  

 

Med helsing

 

Geir Pollestad