Svar på spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Jørgensen om moglegheit for toll på deig og bakevarer

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på spørsmål om moglegheit for toll på deig og bakevarer frå stortingsrepresentant Geir Jørgensen.

Representanten Geir Jørgensen stiller i brev 1. oktober følgjande spørsmål:

«Vil statsråden redegjøre for muligheten til å sette toll på deig og bakevarer, eventuelt for andre virkemidler som kan motvirke den negative utviklingen innenfor norsk bakerisektor?»

Eg er samd med representanten i ynskje om å auke norskandelen i norsk bakerisektor.

I 2023 importerte om lag 100 bedrifter cirka 60 000 tonn deiger, brød og brødvarer til den norske marknaden. Dei største importørane er daglegvarekjedene. I tillegg er det norske bakarar og servicebedrifter som importerer deiger, brød og brødvarer til produksjonen sin. Nokre har spesialisert seg på å steike brød i butikk basert på importert halvfabrikata. Dette har ført auka konkurranse for norske bakarar.  

Slik representanten Jørgensen skriv, har importen av deiger, brød og brødvarer auka jamt over mange år. Importen auka kraftig fram mot 2019, men har deretter minka noko. Dei siste åra har det vore utflating eller nedgang i importen, noko som kan ha fleire årsaker. Høgare internasjonale råvareprisar kan ha hatt ein effekt, og ei svakare norsk krone har styrka konkurranseevna for norsk industri generelt.

Deiger, brød og brødvarer er tilverka av landbruksvarer som er omfatta av Protokoll 3 i EØS-avtala. Protokoll 3 regulerer tollen for desse varene. Tollavgifta vert fastsett på grunnlag av råvareinnhaldet i vara, og er bunde i Protokoll 3. Dei kan ikkje endrast utan etter forhandlingar med EU. Det er lite truleg at EU vil akseptere auka tollsatsar på denne importen.

For Protokoll 3-varene er det ikkje mogleg å auke tollavgiften gjennom å leggje om til prosenttoll, slik regjeringa i 2024 til dømes har gjort for enkelte grønsaker og potet.

For å sikre avsetnad for norsk matkorn og styrke norsk bakarbransje i den internasjonale konkurransen, har det over år blitt sett av midler til matkorntilskot over jordbruksavtala.  Matkorntilskotet kan gjevast til føretak som nyttar norskprodusert korn i tilverkinga av mjøl eller andre kornprodukt som vert nytta til mat innanlands. Frå 1. juli 2024 vart satsen for tilskotet auka til 47 øre pr. kg. For bakarbransjen gir dette rimelegare tilgang på råvarer som mjøl. Matkorntilskotet bidreg til å jamne ut råvarekostnadane mellom bakarbransjen innanlands og konkurrentane utanlands, og gjer det mogeleg å bruke norsk mjøl.

Det skjer no mykje positivt for å auke bruken av norsk mjøl. Matkorninitiativet, som samlar aktørane i verdikjeda for korn og bakarvarer, arbeider for å auke produksjonen og forbruket av matkorn og proteinvekstar i Noreg. Den forpliktande visjonen til partnarskapet er å auke delen norsk korn i matproduksjonen frå dagens cirka 50 % til 90 % innan 2030.

Forskingsprosjektet «Mathvete» har også som mål å kartleggje kveitekvaliteten kvart år tidleg i sesongen, slik at mølle- og bakarbransjen kan planleggje bruken av norsk kveite ut frå dette. Det vert også jobba målretta for å auke det norske mathavreforbruket, som over tid har hatt ein positiv trend. Havreforbruket i Noreg har dobla seg på 15 år.

Råvarekostnaden i eit brød utgjer berre ein liten del av salsprisen for det ferdige brødet. Dette viser at kostnader og effektivitet i bakeindustrien og daglegvarehandelen betyr mykje  for å møte konkurransen frå import.

Eg vil og i arbeidet med auka sjølvforsyning vurdere om det er andre moglege tiltak for å nå målet om auka andel norsk i bakerisektoren.    

Eg vil til slutt nemne at regjeringa over nyttår vil leggje fram eit vegkart for matindustrien. Vegkartet vil identifisere utfordringar og moglegheiter, og komme med tiltak som kan utvikle denne industrien. Utviklinga av vegkartet vil skje i tett samarbeid med industrien. Det gjeld også bakar- og konditorbransjen som vi vil møte i arbeidet med vegkartet.

 

Med helsing

 

Geir Pollestad