Svar på spørsmål frå stortingsrepresentant Kathy Lie om unntak for bandtvang for servicehundar

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på spørsmål frå stortingsrepresentant Kathy Lie (SV) om status for arbeidet med å gje tenestehundar generelt unntak for bandtvang.

Stortingsrepresentant Kathy Liev har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:  

«Hva er status for arbeidet med å gi servicehunder et generelt unntak fra båndtvang slik et samlet Storting etterlyste i forbindelse med behandlingen av Lov om Hundehold?»

Spørsmålet vart stilt til arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna. Lov om forsvarleg hundehold (hundeloven), ligg til mitt ansvarsområde og eg vil svare på spørsmålet.

Representanten Liev viser til at hundeloven har unntak for bandtvang for «førerhunder i aktiv tjeneste eller under trening eller prøving for slik tjeneste». Representanten peikar vidare på at det i Innst. 312 L (2021–2022) var semje om at tilsvarande unntak burde gjelde for servicehundar:  

«Når det gjelder servicehunder, mener komiteen at et slikt unntak må forskriftsfestes. Komiteen viser til at arbeidet med å få på plass en forskrift for servicehunder må igangsettes raskt.»

Hundeloven vart endra frå 1. januar 2023. I samband med lovendringa vart det tatt inn heimel i lova til i føresegn å kunne gje nasjonale unntak frå reglane om bandtvang.   

Ved høyringa av endringane i hundeloven peikte mange høyringsinstansar på at fleire typar av hundar/bruksformål kan ha trong til fritak frå reglane om bandtvang, mellom anna servicehundar. Samstundes peikte både kommunar, beitenæringa og fleire andre på utfordringar med slike unntak.

Bruken av servicehundar er aukande, men ikkje all bruk av servicehundar er like godt definert, og ikkje alle slags servicehundar har standardisert opplæring. Det er av den grunn naudsynt å utgreie gode vilkår for å kunne gje unntak frå reglane om bandtvang. Per no er det for tidleg å si når ei eventuell forskrift er klar til å bli sendt på høyring.

 

Med helsing

 

Geir Pollestad