Svar på skriftleg spørsmål om middel, utstyr og anlegg for forsking og utdanning innanfor landbruksteknologi

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på spørsmål frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle (H) om middel, utstyr og anlegg for forsking og utdanning innanfor landbruksteknologi.

Svar på spm nr 2600 frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle – om middel, utstyr og anlegg for forsking og utdanning innanfor landbruksteknologi

Eg viser til spørsmål nr. 2600 for skriftleg svar frå Storingets presidentskap. Følgjande spørsmål er reist i brev av 22.08.2024 frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle:

«Hva gjør statsråden for at midler, utstyr og anlegg for forskning og utdanning innen landbruksteknologi er moderne og oppdaterte for å støtte opp under ambisjonene om økt bruk av landbruksteknologi?»

Eg er samd med stortingsrepresentant Westgaard-Halle om at utvikling og bruk av landbruksteknologi vil vere sentralt for å møte dei utfordringane landbruket står ovanfor. Betydninga av ny teknologi og at produsentene tek den i bruk er også trekt fram i Meld. St. 11 (2023- 2024).

For å støtte opp under forsking på området legg Landbruks- og matdepartementet vekt på å stimulere til teknologiutvikling for auka og meir berekraftig matproduksjon gjennom løyvingar til Forskningsrådet. I tillegg gir forskingsmidlar over jordbruksavtalen og Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt viktige bidrag til ny kunnskap på området.

Stortingsrepresentant Westgaard-Halle peikar på viktigheita av at teknologien som blir utvikla må vere tilpassa norske tilhøve. Dette er bakgrunnen for Norsk institutt for bioøkonomi sitt prosjektet «PRESIS» (Presisjonsjordbruk ut i praksis – forskingsbasert utvikling og kvalitetssikring av klimavennlege tenester som er lønsame for bonden), finansiert over jordbruksavtalen. Hovudmålet med prosjektet er å utvikle eit heilskapleg system som skal sørgje for at norske bønder får tilgang på brukarvenlege, teknologiske tenester som er godt testa og tilpassa norske tilhøve. Ein viktig del av prosjektet er å skreddarsy brukarstøtte og rådgjeving for dei nye tenestene som blir tilbydd.

Det er òg viktig å stimulere næringsliv og landbruksnæringa meir direkte. Dei seinare åra har vi sett ein stor auke i etablering av agritek- klynger og nye norske agritek- bedrifter. Teknologien som er utvikla har vekt stor interesse, også internasjonalt. Gode tradisjonar for tett samarbeid mellom kunnskapsmiljøa og næringa gjer vegen kort frå forsking- og utvikling til å ta i bruk teknologien. Dette er ein føremon, både for landbruks­næringa og norske agritek-bedrifter. Innovasjon Noreg er ein viktig støttespelar for agritek- bedriftene gjennom mobiliseringsaktivitet, finansiering og eksportrådgjeving. I 2023 oppretta regjeringa Bionova som ei eining under Innovasjon Noreg. Ordninga skal mellom anna støtte opp under innfasing av ny, klima- og miljøvennleg teknologi og smarte løysingar for ein effektiv matproduksjon i landbruket. I årets jordbruksoppgjer ble avtalepartane einige om å utvide ordninga til å også omfatte tilskot til innfasing av ny teknologi på gardsnivå.

Når det gjeld grunnforsking, utstyr og anlegg for forsking og utdanning, så ligg dette under forskings- og høgare utdanningsministeren sitt ansvarsområde. Universitet og høgskular har hatt ein auke i sine rammetildelingar frå Kunnskapsdepartementet dei seinare åra og institusjonane har stor fridom til å prioritere FoU på til dømes landbruksteknologi av si eiga rammetildeling, søke om forskingsprosjekt i Forskingsrådet og EU, og inngå samarbeid med næringslivet om forsking, utvikling og innovasjon. Forskingsinstitusjonane har moglegheit til å søke om støtte til større infrastruktur og forskingsfasilitetar gjennom Forskingsrådets infrastrukturordning. Ved behov for nybygg og større anlegg for forsking og undervisning, kan universitet og høgskolar sende inn forslag til tildeling utanfor ramma, i sine årlege innspel til statsbudsjettet.

Miljømessig, sosial og økonomisk berekraft er eit av dei overordna måla i Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2023-2032, og under prioriteringa klima, miljø og energi blir teknologiutvikling trekt fram som sentralt for eit framtidsretta og klima- og miljøvenleg landbruk. Regjeringa forventar at Forskingsrådet legg langtidsplanens mål og prioriteringar til grunn for sine strategiske forskingsprioriteringar og tildelingar, og at dei som mottek statlege grunn- eller basisløyvingar bidreg til å dekke kunnskaps- og kompetansebehova som er omtalt i langtidsplanen, ut frå sine forutsetningar og ansvar.

Vi har fleire gode landbruksfaglege utdanningstilbod i Noreg. Både Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og Høgskolen i Innlandet (HINN) har forsking og utdanningstilbod innan landbruksteknologi. NMBU, saman med NIBIO, har òg eit teknologioverføringskontor (Ard Innovation) for å hjelpe forskarar med å kommersialisere forskingsresultat, og dei har ein inkubator (Aggrator) som hjelper oppstartverksemder med å lansere og skalere nye produkt og tenester.

Med helsing

Geir Pollestad