Svar på spørsmål om effekten av tilskotsordninga til biogass frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle
Svar til Stortinget | Dato: 08.01.2025 | Landbruks- og matdepartementet
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
Spm.Nr. 712
Vår referanse:
24/2486
Landbruks- og matminster Geir Pollestad (Sp) har svara på spørsmål om effekten av tilskotsordninga til biogass frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle (H).
Eg syner til brev av 19.12..2024 der stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle stiller følgjande spørsmål:
«Hvordan vurderer statsråden den konkurransevridende effekten av tilskuddsordningen til biogass?»
Spørsmålet syner til anlegg for omdanning av husdyrgjødsel og avfall til anna energi enn biogass, i tillegg til kompost og organiske gjødselprodukt. Anlegg som dette møter i dag dei same krava til dokumentasjon og utsleppstillatingar som biogassanlegg, men har derimot ikkje dei same vilkåra for støtte frå Enova. Gardbrukarane får heller ikkje tilskot for å levere gjødsel til denne typen anlegg, slik dei får for å levere gjødsel til biogassanlegg.
Tilskot for å levere husdyrgjødsel til biogassanlegg blei innført i 2014, som oppfølging av jordbruksoppgjeret 2012. Jordbruket og skiftande regjeringar har sidan stått saman om å videreføre ordningen. Også på Stortinget er det stor merksemd om biogass, bl.a. gjennom fleire oppmodingsvedtak, noko eg jobbar med å følgje opp.
Eg vil presisere at husdyrgjødsel i hovudsak blir nytta på ein god måte som gjødsel i jordbruket. Det er likevel ei utfordring at gjødsla oppstår til ei anna tid enn når ho trengst og må av den grunn bli lagra. Ifølgje utsleppsrekneskapen blir klimagassutslepp frå lagring redusert med om lag 65 prosent når gjødsla blir handsama i eit biogassanlegg. Det blir difor gitt tilskot til å levere husdyrgjødsel til biogassanlegg. Tilskotet skal bidra til å dekkje meirkostnadar og -innsats som gardbrukarane har, og som går lengre enn det som kan bli for venta ut frå vanleg jordbruksdrift. Samfunnsnytta som ligg i denne utsleppsreduksjonen er hovudgrunn for å gi tilskot, og dette er frå 2025 gjort tydelegare i føresegnene for ordninga.
Andre teknologiske løysingar enn biogass vil ikkje nyte godt av denne tilskotsordninga slik ho er innretta i dag. Tilskotet kan difor ha ein konkurransevridande effekt. Biogasshandsaming er ein moden teknologi som er innarbeid over mange år og i mange land, og vi kan berekne klimaverknad med etablerte metodar. Dette er meir utfordrande når det gjeld andre teknologiske løysingar. Skilnadene som representanten Westgaard-Halle tek opp er difor i mindre grad ein konsekvens av politiske val, og i større grad ein konsekvens av ulikt kunnskapsnivå mellom det vi veit om biogassløysinga som eit fornuftig klimatiltak, og andre løysingar der kunnskapen per i dag er lågare.
Framover er eg open for å sjå nærare på om også andre teknologiske løysingar, som kan gje tilsvarande gode effektar som biogass, bør få støtte. Det vil vere naudsynt å utregeie dette nærare. Truleg vil løysinga måtte vere å kombinere dagens satsing på biogasshandsaming, med vidare arbeid med uttesting og erfaringsinnsamling for andre lovande løysingar. Innovasjon Norge forvaltar allereie i dag fleire ordningar der det er mogeleg å få støtte til slik uttesting.
Med helsing
Geir Pollestad