Svar på spørsmål om endring i forskrift om hundar frå stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt
Svar til Stortinget | Dato: 08.01.2025 | Landbruks- og matdepartementet
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
Spm.Nr. 732
Vår referanse:
24/2495
Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) har svara på spørsmål om endring i forskrift om hundar frå stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt (Frp).
Stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:
«Vil statsråden vurdere å endre Forskrift om hunder slik at en i større grad kan benytte gentest for å avgjøre om en hund er tillatt innført til Norge?»
Eg er kjend med at det foregår ei rask utvekling når det gjeld gentestar for hund, men Politidirektoratet har peika på at bruk av slike testar reiser fleire problemstillingar knytt til beviskrav rundt overlevering, oppbevaring og vurdering av prøver, kvaliteten av testane og referansearkivene, risiko for forfalsking av testsvar m.v. Det vil også være viktig kva for analyse som nyttast, og kva analysen faktisk kan dokumentere.
Når det gjeld vurderinga om at det er "tvil om et dyr er en farlig hund", jf. hundeforskrifta § 2, kan politi og tollmyndigheit krevje at hundeeigar dokumenterer hunden sin rase eller type. Politiet må då gjere ei heilheitsvurdering, og dokumentasjon som vert lagt fram, må vurderast saman med dei andre bevisa i saken.
I grunngjevinga for spørsmålet seier representanten Strifeldt at «så lenge det står «uansett blandingsforhold» vil det nesten alltid finnes spor av ulovlig rase», og meiner at hunden dermed vil vere ulovleg slik forskriften er utforma i dag.
Det går fram av mitt svar at vurderinga av om det er tale om ei blanding av hundetyper i forskrifta si forstand, vil bero på ei breiare vurdering. Eg meiner difor at ordlyden i forskrifta ikkje er til hinder for å gjere gode vurderingar der også gentestar kan inngå. Eg ser difor ikkje at det er naudsynt eller føremålstenleg å endra forskrifta no. Det kan vera utviklinga når det gjeld slike testar og korleis dei blir brukt og vurdert i forvaltninga kan gjera at vurderingane vert annleis på eit seinare tidspunkt.
Med helsing
Geir Pollestad