Svar på spørsmål om Kina sin støtte til Russland i krigen mot Ukraina.
Svar til Stortinget | Dato: 14.12.2023 | Utanriksdepartementet
Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Rasmus Hansson (MDG) om korleis Noreg motverkar den kinesiske støtta til Russland sin krig mot Ukraina.
Skriftleg spørsmål nr. 575 (2021-2025)
Datert 01.12.2023
Frå representanten Rasmus Hansson (MDG) til utanriksministeren:
Kinas president Xi Jinping har styrket båndene til Putins regime siden krigen mot Ukraina startet. Kina har hjulpet Russland med å omgå sanksjonene, økt handelen med 40 prosent siden 2022, og økt eksporten til Russland av materiell som brukes til militære formål dramatisk. Hvordan bidrar Norge, i samarbeid med allierte, til å motvirke Kinas støtte til Russland krig mot Ukraina?
Svaret frå utanriksministeren:
Russland er ein viktig strategisk partnar for Kina. Landa inngjekk ein strategisk partnarskap kort tid før Russlands fullskalainvasjon av Ukraina. Forholdet mellom Kina og Russland har blitt tettare etter Russland sitt angrep på Ukraina. Besøk mellom dem held fram, inkludert på høgt nivå, handelen aukar, asymmetrien i forholdet blir forsterka og Russland blir stadig meir avhengig av Kina.
Noreg har stått saman med våre allierte og partnarar i bodskapane våre til Kina om følgja av å støtte Russlands krigføring i Ukraina. Sidan Russland innleidde den ulovlege angrepskrigen sin har norske styresmakter fremja synspunkta våre til kinesiske styresmakter i alle relevante samtalar. Dette gjeld på stats- og utanriksministernivå og på embetsnivå. Frå norsk side har vi understreka at ein eventuell kinesisk militær støtte til Russland vil få store negative følgjer for forholdet landet har til Europa. Den same bodskapen er formidla tydeleg av våre allierte og partnarar. Vi har òg arbeidd aktivt i internasjonale organisasjonar for å understreke at alle støtter til Russlands krigføring er å rekne som uakseptabel. Vi nyttar dialogen med Kina til å oppmode til framleis deltaking i Ukrainas fredsformel og engasjere seg i Ukrainas vilkår for langvarig fred.
Under besøket til Noreg frå Kinas førre utanriksminister i mai 2023, var hovudbodskap frå både statsminister Støre og tidlegare utanriksminister Huitfeldt knytt til Russlands krig mot Ukraina. Noreg oppmoda Kina til å bruke innverknaden sin overfor Moskva til å få Russland til å avslutte kamphandlingane. Noreg fremja òg klare bodskapar om konsekvensar for forholdet mellom Noreg og Kina, dersom Kina bidreg med våpenstøtte til Russlands krigføring.