Svar på spørsmål om Nansen-programmet
Svar til Stortinget | Dato: 04.01.2024 | Utanriksdepartementet
Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Sveinung Rotevatn (V) om pengar til Ukraina.
Skriftleg spørsmål nr. 734 (2023-2024)
Datert 18.12.2023
Frå representanten Sveinung Rotevatn (V) til utanriksministeren:
Kva er grunnen til at regjeringa stadig omtalar pengar som allereie er vedteke løyva til Ukraina av Stortinget som "nye" pengar?
Svaret frå utanriksministeren:
Nansen-programmet stadfestar for det ukrainske folket og det internasjonale samfunnet at Noreg står ved Ukrainas forsvarskamp og suvereniteten til landet. Under president Zelenskyjs offisielle besøk til Noreg 13. desember i fjor gjentok ukrainske styresmakter at dei set stor pris på storleiken, fleksibiliteten og langtidsperspektivet til programmet. Zelenskyjs besøk, talen hans i Stortinget og møtet med dei parlamentariske leiarane spegla den tverrpolitiske semja om Nansen-programmet og Noregs støtte til Ukraina.
Det stemmer at midlane (3 milliardar kroner) som regjeringa kunngjorde i sivil støtte til Ukraina i pressemeldinga 13. desember, er ein del av løyvinga på 7,448 milliardar som Stortinget vedtok som del av 2024-budsjettet. Pengane – som blir kanaliserte gjennom Verdsbankens fleirgivarfond – går til ukrainske styresmakter, slik at dei kan halde oppe grunnleggjande tenester og drift av sivil infrastruktur. Ukrainas forsvarsevne er avhengig av at pensjonar blir utbetalte, barn kan gå på skule og sjukehus kan behandle skadde og såra. Det norske bidraget er viktig i denne samanhengen.
Det er viktig for regjeringa å understreke at Noregs militære og sivile støtte til Ukraina er basert på at eit samla storting stiller seg bak Nansen-programmet. Derfor stod det eksplisitt i innleiinga til den nemnde pressemeldinga at pengane er ein del av Nansen-midlane. Den politiske avtalen og Prop. 44 S understrekar at fordeling av midlane under Nansen-programmet skjer gjennom dei ordinære budsjettprosessane. Bruken av ordet «nye» i tittelen viser i denne samanhengen til at det dreier seg om ei ny tildeling til Verdsbankens fleirgivarfond som tidlegare ikkje har blitt annonsert. Det er viktig å presisere at midlane er ein del av løyvinga på 7,448 milliardar i 2024 og den samla ramma på 75 milliardar kroner over fem år.
Internasjonal støtte er framleis avgjerande for at Ukraina skal stå imot Russlands ulovlege aggresjon. Derfor er det positivt at fleire land i aukande grad ser til Nansen-programmet som inspirasjon og ein modell for eigne nasjonale støtteprogram til Ukraina. Den tverrpolitiske semja er eit grunnleggjande element av styrken og langtidsperspektivet til Nansen-programmet, og noko regjeringa er oppteken av å bevare i åra som kjem.