Svar på spørsmål om nyutvikla norsk landbruksteknologi frå stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svara på spørsmål om nyutvikla norsk landbruksteknologi frå stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo (V).

Eg viser til brev av 29.12.2024 der stortingsrepresentant Alfred Bjørlo stiller følgjande spørsmål:

«Kva meiner Landbruksministeren kan gjerast for at nyutvikla norsk landbruksteknologi (agritech) for å gjere matproduksjon meir berekraftig, forbetre jordhelse og kutte klimautslepp i større grad kan bli tatt i bruk i norsk landbruk, i staden for å fokusere så sterkt som i dag på å kjøpe inn eit patentert metanhemmende fôrtilsetjingsstoff (Bovaer) frå eit nederlandsk kjemikaliekonsern for å kutte klimautslepp frå norsk landbruk»

Tiltak for å redusere klimagassutslepp frå jordbruket er ei prioritert oppgåve for regjeringa, og det er brei politisk semje om at utsleppa skal reduserast, samstundes som måla for landbrukspolitikken ligg til grunn. Dei bokførte utsleppa frå jordbruket kjem frå mange kjelder, men den dominerande kjelda er utslepp av metan frå drøvtyggarar. Då må me òg treffe tiltak som gjer noko med den utfordringa. Med eit mål om auka norsk matproduksjon, må det primære målet for klimakutt i jordbruket vere å kutte utslepp per produserte eining. Alternativet til å kutte per produserte eining er å kutte i norsk matproduksjon og erstatte norsk produksjon med import. Det er i strid med regjeringas og Stortingets vedtekne politikk om at me skal auke den norske matproduksjonen.

I jordbruksoppgjeret 2023 vart me difor einige med jordbruket om å setje i verk ein betydeleg innsats for å redusere metanutsleppa frå jordbruket utan at det går utover norsk jordbruksproduksjon. Dette er òg ei oppfølging av intensjonsavtalen om klima mellom staten og organisasjonane i jordbruket. Det vart både løyvd midlar til prosjektet MetanHUB, som skal teste ut bruk av metanhemmarar under norske forhold, og det vart sett ned ei partssamansett arbeidsgruppe som skulle sjå nærare på koplinga mellom husdyrtilskotet og reduserte klimagassutslepp frå jordbruket. Regjeringa har sett seg mål om å innfase metanhemmande tilsetjingsstoff i dei grovfôrbaserte husdyrproduksjonane, med unntak av sau og geit, frå og med 2027. Det pågår òg arbeid innan grovfôrproduksjon og avl, som har som føremål å redusere metanutsleppa frå husdyrproduksjonen.

I vomma på kua skjer det tallause mikrobielle prosessar. Mellom anna bli metan danna som eit biprodukt når gras og kraftfôr skal omdannast til energi. Bovaer, eller 3-nitrooxypropanol er ei fôrtilsetting som hemmar enzymet som katalyserer prosessen som dannar metan. Då får ein ei anna samansetning av biprodukt, hovudsakleg karbondioksid og noko hydrogen. Slik kan me redusera utsleppa av klimagassen metan frå landbruket. Alle næringsstoff i fôret påverkar den mikrobielle aktiviteten i vomma på kua. Når ein tilset Bovaer i fôret redusera ein utsleppa av metan. Det er god klimapolitikk.

Bovaer blir brukt i små mengder, inneheld berre naturlege ingrediensar og det er godkjent av både Mattilsynet og EU sitt mattryggingsorgan. Det betyr at tilskotet ikkje har nokon negative implikasjonar for verken menneske- eller dyrehelse. Eg kan òg opplyse representanten Bjørlo om at det i Danmark frå 2025 er bestemt at danske bønder skal fôre mjølkekyrne sine med Bovaer eller andre tilsetjingsstoff med same funksjon.

Moderne matproduksjon tek på å produsere meir og betre mat, samstundes som ein gjer dette på ein måte som ivaretek jordsmonnet for framtida, samt husdyra si helse og velferd. Satsinga innan agritech har difor vore på dagsorden over fleire år. Verdiskapings­programmet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket, som er ein del av Bionova, skal mellom anna bidra til å introdusere ny klima- og miljøvennleg teknologi i landbruket. Dette gjeld utviklings- og utprøvingsprosjekt knytt til uttesting av ny produksjonsteknologi og nye løysingar på gardsnivå. Det er òg ei naturleg kopling mot Bioøkonomiordninga under Bionova og innsatsen retta mot agritech-bedrifter for utvikling av heimemarknaden. Mellom anna har fleire norske selskap utvikla autonome robotar som på forskjellig vis bidreg til eit meir effektivt landbruk.

Klimaarbeidet i jordbruket er viktig for å sikre norsk matproduksjon på norske ressursar òg i framtida. Dette er viktig både for beredskap og sjølvforsyning! No går me snart inn i jordbruksforhandlingane 2025. Der vil eg fortsette arbeidet med grøn omstilling og ivareta eit berekraftig landbruk, og då vil både satsinga på agritech, betre jordhelse og reduserte klimagassutslepp vere viktige område.

 

Med helsing

 

Geir Pollestad