Svar på spørsmål om situasjonen etter militærkuppet i Myanmar
Svar til Stortinget | Dato: 19.12.2023 | Utanriksdepartementet
Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Ine Eriksen Søreide (H) om Noreg si støtte til demokratiske aktørar i Myanmar etter militærkuppet i 2021.
Skriftleg spørsmål nr. 679 (2023-2024)
Datert 12.12.2023
Frå representanten Ine Eriksen Søreide (H) til utanriksministeren:
1. februar er det to år siden militærjuntaen tok makten i Myanmar gjennom et militærkupp. Hvordan vurderer utenriksministeren den nåværende situasjonen i Myanmar, inkludert situasjonen for menneskerettighetene, status for ASEANs fem-punkts-konsensus, og Norges muligheter for å bidra til å støtte demokratiske aktører i landet?
Svaret frå utanriksministeren
Eg er svært bekymra over utviklinga i Myanmar. Nesten tre år etter kuppet held landet fram den negative spiralen og er i ein stadig djupare politisk, økonomisk, humanitær og menneskerettskrise. Den siste tida har konfliktnivået eskalert, og kamphandlingane har spreidd seg til store delar av landet.
Lidingane til sivilbefolkninga aukar. Det blir rapportert om meir aggressiv krigføring frå militærregimets side, inkludert luftangrep mot bustadområde, skular og helsebygg, og landsbyar brennes ned. FN anslår at meir enn 660 000 personar har blitt internt fordriven sidan slutten av oktober i år. Desse kjem i tillegg til dei to millionane som var internt fordrivne frå før. Totalt anslår FN at minst 18,6 millionar innbyggjarar vil trenge humanitær hjelp i 2024. Den humanitære responsen er svært underfinansiert, og tilgangen særs krevjande der behova er størst. I fleire utsette område melder internasjonale humanitære aktørar om evakuering av personell og suspendert arbeid som følgje av dei nye kamphandlingane. Samtidig held militærregimet fram med å blokkere humanitære leveransar i konfliktområde. Den humanitære responsen blir no hovudsakleg levert gjennom lokale organisasjonar, med stadig større tryggingsrisiko og med svært avgrensa midlar.
Eg er bekymra for manglande framgang i oppfølginga av ASEANS fem-punkts-konsensus og FNs tryggingsråds resolusjon 2669. Vi tek regelmessig opp Myanmar i dialogen vår med ASEAN, FN og fleire av medlemslanda. Vi støttar ASEANS arbeid med å leggje til rette for dialog, og oppmodar til auka press på militærregimet for å stoppe valdsbruk mot sivile, sikre humanitær tilgang og leggje forholda til rette for inkluderande politisk dialog. Meir internasjonalt press og samarbeid er nødvendig, også med nabolanda, og dessutan mellom ASEAN og FN. Myanmar står på dagsordenen i ulike sesjonar i MR-rådet, der både FNs spesialrapportør for menneskerettssituasjonen i Myanmar og den uavhengige etterforskingsmekanismen for Myanmar (IIMM) presenterer rapportane sine. Noreg deltek i desse debattane gjennom nordisk-baltiske innlegg. Stillinga som FN generalsekretærs spesialutsending har stått ledig over ein lengre periode. Vi oppmodar generalsekretæren til å utnemne ein ny, og auke FN sin samlande innsats mot Myanmar. Vi vurderer kontinuerleg auka engasjement med nabolanda.
Med den langsiktige tilnærminga og erfaringa vår er Noreg godt plassert for å føre vidare det sterke engasjementet vårt for befolkninga i Myanmar. Vi har auka bistanden vår (humanitær og utvikling) til NOK 348 millionar i 2023. I tillegg har vi bidrege med NOK 94 millionar til den humanitære Rohingya-responsen og NOK 30 millionar til klimarelaterte tiltak i flyktningleirar og hos vertsamfunn i Bangladesh.
Vi har kontakt med alle relevante partar. Det inkluderer dialog på embets- og politisk nivå med viktige aktørar i den politiske, etniske og demokratiske motstandsrørsla, under dette National Unity Government (NUG). Vi bidreg blant anna til å leggje til rette for at demokratiske krefter samlast og blir høyrde. I år har vi òg leidd samarbeidet mellom bidragslanda i Joint Peace Fund (JPF) for å fremje eit mest mogleg samla engasjement. Fondet styrkjer sivilsamfunn og demokratiske krefters kapasitet innan fredsdialog, konflikthandtering, og kvinners rolle i fred og tryggleik. Norsk hjelp blir kanalisert igjennom FN og sivilsamfunnsorganisasjonar.