Svar på spørsmål om sjølvforsyningsgrad frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle
Svar til Stortinget | Dato: 20.12.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
Spr.Nr. 652
Vår referanse:
24/2435
Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) har svara på spørsmål om sjølvforsyningsgrad frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle (H).
Representanten Westgaard-Halle har stilt følgjande spørsmål:
«I de fleste diskusjoner om overføringer til jordbruket vises det gjerne til selvforsyningsgraden for å illustrere at Norge ikke er selvforsynt på mat og nødvendigheten av høye tilskudd til jordbruket. Men selvforsyningsgraden sier lite om behovene i norsk matproduksjon, i praksis bare hva nordmenn handler i butikk målt i kalorier. Mener statsråden at selvforsyningsgraden er et meningsfylt mål for å beregne selvforsyningen og nivået for overføringer til jordbruket?»
Ja, sjølvforsyningsgraden er absolutt eit meiningsfylt mål på den løpande sjølvforsyninga med matenergi. Slik NIBIO bereknar sjølvforsyningsgraden, angir den norsk matsektor sin marknadsandel på heimemarknaden, og den kan derfor per definisjon ikkje overstige 100. Denne måten å berekne på er ikkje direkte samanliknbar med slik sjølvforsyningsgraden vanlegvis bereknast i andre land, der òg eksporten inkluderast over brøkstreken, før det dividerast på forbruket. Denne måten å berekne på kallar NIBIO dekningsgrad. Den norske dekningsgraden er vesentleg høgare enn sjølvforsyningsgraden på grunn av fiskeeksporten vår. NIBIO bereknar òg ein sjølvforsyningsgrad for protein, som er klart høgare enn for kaloriar, som følgje av at vi i Noregs har eit stort husdyrhald.
Forsyningsevna eller sjølvforsyningsevna må ta omsyn til moglegheit for endringar i forbruk og produksjon. Sjølvforsyningsevna må vurderast opp mot ulike konkrete krisesituasjonar og korleis dei påverkar produksjon og forsyningslinjer.
Representanten Westgaard-Halle viser til to sitat henta frå Prop 105 (2023 – 2024) i sitt spørsmål. Eg vil på det sterkaste oppmode til å lese og nytte heile sitatet når det stillast spørsmål, for å få med seg heilskapen i bodskapen. Westgaard-Halle skriv at det i proposisjonen står «Stor forbedring i inntektsmulighetene vil ikke bidra til å øke selvforsyningsgraden». Resten av sitatet er «hvis ikke konkurransekraften forbedres». I setninga før heiter det «Å styrke konkurransekraften mot import er avgjørende for å auke hjemmemarkedsandelene».
Dersom det er naudsynt med ein ytterlegare oppklaring kan representanten bruke sitatet frå Meld. 11 (2023 – 2024), der det heiter at «Sjølv ei sterk forbetring i inntektsmoglegheitene vil ikkje bidra til å auke sjølvforsyningsgraden om ikkje dei norske jordbruksvarene vert etterspurt og kjøpt». Norsk jordbruk må sjølvsagt produsere varer som forbrukarane etterspør. Elles vil importen gå opp og sjølvforsyninga gå ned.
Denne regjeringa har prioritert å auke overføringane til jordbruket, både på grunn av ein ekstraordinær kostnadsvekst og for å auke bonden sine inntektsmoglegheiter. Auka inntektsmoglegheiter er eit sentralt verkemiddel for å leggje til rette for rekruttering og å auke investerings- og produksjonsvilja i næringa. Dette er avgjerande for å oppfylle dei landbrukspolitiske målsettingane, mellom anna auka sjølvforsyningsgrad, over tid. Gjennom fordelinga av overføringane og innrettinga i dei ulike ordningane, vert det skapt eit insentiv som legg til rette for auka måloppnåing, herunder å ta marknadsandelar i sektorar der sjølvforsyningsgraden er låg. I dette arbeidet må fleire kryssande omsyn og målkonfliktar vektast mot kvarandre, ikkje minst å styrke konkurransekrafta mot import som er avgjerande for å auke sjølvforsyningsgraden.
Med helsing
Geir Pollestad