Svar på spørsmål om talet på sivile drepte i Gaza og Ukraina
Svar til Stortinget | Dato: 12.01.2024 | Utanriksdepartementet
Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Erlend Wiborg (Frp) om utanriksministerens svar til Stortinget 8. november 2023.
Skriftleg spørsmål nr. 777 (2023-2024)
Datert 20.12.2023
Frå representanten Erlend Wiborg (Frp) til utanriksministeren:
Står utenriksministeren ennå inne for sitt svar til Stortinget 8. november 2023, hvor han uttalte at «det er flere sivile drepte i løpet av denne måneden i Gaza enn i hele Ukraina-krigen fram til nå?
Svaret frå utanriksministeren:
Vi står her overfor to forferdelege krigar der alt for mange menneske har blitt drepe, og held fram med å bli drepe, både i Ukraina og Gaza.
Frå Russland innleidde fullskalainvasjonen av Ukraina 24. februar 2022 til 8. november 2023 hadde FNs høgkommissær for menneskerettar registrert 9 965 drepne sivile. På same tidspunkt var det registrerte talet på drepne i Gaza 10 569 menneske, under dette 4 324 barn og 2 823 kvinner, alt ifølgje lokale palestinske helsestyresmakter. Det var desse tala eg la til grunn i mitt svar til Stortinget.
Sidan den tid har talet på drepne i Gaza auka til over 22000, og fleire har òg blitt drepne i Ukraina.
Samtidig er det ingen tvil om at det er store mørketal her, og at det er all grunn til å tru at dei reelle tala er høgare, begge stader.