Svar til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Per Martin Sandtrøen om vurdering av Framstegspartiets alternative budsjett
Svar til Stortinget | Dato: 17.12.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Mottakar: Stortinget
Dykkar referanse:
Spm.Nr. 616
Vår referanse:
24/2394
Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) har svara på spørsmål nummer 616 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Per Martin Sandtrøen (Sp)
Representanten Per Martin Sandtrøen har stilt følgjande spørsmål:
«Kan statsråden gi en vurdering av Fremskrittspartiets alternative budsjett, og hvordan dette ville påvirket lønnsomheten i jordbruket og årsverksinntekten til norske bønder?»
Sterkt redusert lønnsemd
Framstegspartiets alternative budsjett på jordbruksområdet inneheld store kutt både i direkte inntektsgjevande tiltak og i tiltak med klimaeffekt. Det vil svekke inntektsmoglegheitene og klimaarbeidet i jordbruket vesentleg og svekke moglegheitene for å nå dei landbrukspolitiske måla som det er brei semje om.
I Frps alternative budsjett er det gjort eit uspesifisert kutt på 3,4 mrd. kroner i direkte tilskot. Det utgjer eit kutt på 109 000 kroner per familieårsverk. I tillegg vil verdien av jordbruksfrådraget ved likninga bli redusert.
Om ein også tek med eit kutt på 530 mill. kroner i ordningar med klimaeffekt, utgjer kuttet om lag 126 000 kroner per familieårsverk, pluss effekten av jordbruksfrådraget. Kuttet på ordningar med klimaeffekt utgjer om lag halvparten av auka på desse ordningane i inneverande jordbruksavtale, jf. Prop. 105 S (2023-2024) s. 101.
I desse berekningane er det rekna at ordningane som kuttast har full inntektseffekt. Det vil kunne vere eit overestimat for ordningane med klimaeffekt, sidan det vil vere nokre kostnader knytt til gjennomføring av tiltaka, men i varierande grad, avhengig av typen ordning.
Avvikling av Bionova
Viss all støtte til Bionova blir avvikla vil konsekvensen vere at omstillinga frå bruk av fossil til fornybar energi i landbruket, irekna investeringar i gardsbaserte biogassanlegg, vil gå betydeleg saktare. Bionova bidreg også med støtte til innfasing av ny teknologi i jordbruket, og fråvær av risikoavlastning på dette området vil også medføre redusert innfasing av ny teknologi på gardsnivå.
Bionova støttar også bedriftsretta tiltak innan bioøkonomi både i blå og grøn sektor. Ein gjennomgåande tematikk for dei sirkulære prosjekta som blir støtta er utvinning av næringsstoff i biorest, fiskeslam og spillvatn til nye bruksområde eller innsatsfaktorar til mat, fôr, gjødsel og energi. Innan skog- og trebruk er merksemda på ombruk og gjenbruk av trevirke og sidestraumar til ny eller eksisterande produksjon. Prosjekta det blir gitt støtte til har høg innovasjonsgrad og stort behov for risikokapital for å bli realisert. Ved avvikling av støtte vil truleg aktiviteten på dette området i næringslivet gå ned. Kuttet på 173 mill. kroner vil først og fremst gå ut over tiltak innan bioøkonomi, mens ein del midlar til landbrukssektoren blir finansiert over jordbruksavtalen (Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket).
Kutt i nasjonalt senter for økologisk landbruk
Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) held til på Tingvoll utenfor Molde og er eit nasjonalt senter for tverrfagleg forsking og kunnskapsformidling. Fagområda dei jobbar med er økologisk landbruk og matproduksjon, miljø og berekraft og fornybar energi. Senteret publiserer forskingsartiklar, nyheitssaker, tek imot besøk, har omvisningar og held føredrag rundt om i landet. Senteret samarbeider med produsentar, forskingsmiljø og Norsk landbruksrådgivning (NLR). NORSØK blei løyva 9,715 mill. kroner fra kap. 1138 post 72 for 2024.
Kutt i løyvinga til NORSØK vil redusere aktiviteten til dette senteret og deira arbeid innan forsking, utvikling og kunnskapsformidling om økologisk jordbruk. Kunnskapen som utviklast og formidlast ved dette senteret har overføringsverdi til konvensjonelt landbruk, mellom anna når det gjeld jordhelse og dyrevelferd.
Kutt i senter for fjellandbruk
Eit kutt i Nasjonalt senter for fjellandbruket vil føre til redusert aktivitet knytt til å fremme eit lønsamt og berekraftig landbruk i fjellområda, med utgangspunkt i særtrekk og fortrinn som fjellbygdene har.
Med helsing
Geir Pollestad