Forskings- og høgare utdanningsministerens tale på offentleggjering av konseptval for Noregs arktiske universitetsmuseum
Tale/innlegg | Dato: 12.01.2025 | Kunnskapsdepartementet
Av: Forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel (Tale på pressekonferanse )
Tale på pressekonferanse i anledning at regjeringa no har vedteke at Noregs arktiske universitetsmuseum skal få heilt nye lokale i Tromsø sentrum.
Kjære alle saman,
Hjarteleg velkommen til denne markeringa.
I dag kjem vi frå regjeringa med ein særs god nyheit til Universitetet i Tromsø, til Tromsø by, til næringslivet og folka her i byen og til heile landsdelen.
Etter ein grundig og god prosess har regjeringa no konkludert – vi vil at Noregs arktiske universitetsmuseum skal lokaliserast her vi står no – i eit heilt nytt bygg i Tromsø sentrum!
Eg veit at mange har venta lenge på denne avklaringa. Statlege byggeprosjekt tar tid – og det må dei gjere. Statlege byggeprosjekt er også prege av eit ege stammespråk – vi har konseptvalsutgreiinga, og kvalitetssikringsrapporten, kostnadsrammer og styringsrammer – alle med tilhøyrande trebokstavsforkortingar som KVU, KS1, P85 og P50.
Eg skal ikkje gjere greie for dette prosjektets veg gjennom desse stega i detalj no – det får vi spare til eit annet høve. (hehe)
Men, eg vil understreke at dei utgreiningane som er gjort, har gjort regjeringa veldig trygge på kva som var den rette konklusjonen:
Det måtte bli eit nytt arktisk universitetsmuseum – og det måtte bli her i sentrum av Tromsø.
Det har vore behov for å gjere noko med areala til museet i lang tid. Dagens lokale frå 1961 har låg teknisk standard, for dårleg plass og er ikkje eigna for bevaring av museets gjenstandar. Utstillingsareala er utdaterte, og besøket til museet har gått ned dei siste åra.
Med eit nytt museum i sentrum får museet eit bygg som er tilpassa og eigna for museumsverksemd, der samlingane kan bli forvalta og bevart på ei mykje betre måte enn i dag.
Eit nytt museumsbygg her i sentrum vil gje eit skikkeleg giv for formidling og byutvikling. Her ligger alt til rette for samarbeid, både med andre kulturinstitusjonar i Tromsøs nye kulturkvartal, og med samfunns- og næringsliv i heile regionen.
Her får vi ein formidlingsarena som treffer både turistar og folk i byen. Og vi får styrka noko som er eit nasjonalt samfunnsoppdrag for Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, nemleg formidling av kunnskap om nordområda, om det samiske og det kvenske.
Eg er historikar. Å starte bygging av eit museum er omtrent det aller kjekkaste eg kan tenkje meg. Eg skulle gjerne sett spaden i jorda i dag. Det må vi vente litt på.
Men dette er ein viktig milepæl, og no rullar denne prosessen vidare. Neste skritt i prosjektet er at planane skal bli detaljert vidare, gjennom ei avklaringsfase og i eit forprosjekt. Deretter må prosjektet bli lagt fram for Stortinget for avgjerd om oppstartsløyving.
Men dette bør no være ein «no brainer», som det heiter på ikkje så godt norsk. Med det vil eg gje ordet vidare til min gode statsrådskollega, næringsminister Cecilie Myhrseth.
Gratulerer med dagen og takk for meg!