Forsknings- og høyere utdanningsministerens tale på kontaktkonferansen med høyere utdanningssektoren

Korleis kan kunnskapssektoren ruste Noreg for framtida?

Kjære alle saman – hjarteleg velkomne til årets kontaktkonferanse. Det er ei stor glede å sjå så mange frå landets viktigaste sektor samla på ein stad.

Eg har i det følgande tenkt å konsentrere meg mest om eitt, overordna spørsmål:

Korleis kan kunnskapssektoren ruste Noreg for framtida? 

Sagt på ein annan måte:

Korleis kan vi i dette rommet bidra til demokrati, velferd, verdiskaping og sikkerheit for dagens nordmenn, og tru på framtida for generasjonane av nordmenn som skal kome etter oss?

Kva for utfordringar må vi handsame?

Vi må starte med den aller mest grunnleggande utfordringa:

Vi må  syte for sjølvråderett, nasjonal kontroll og tryggheit i heile Noreg.

Eg har vore ein del av regjeringsapparatet sidan oktober 2021. Det er ingen tvil om kva som har endra seg mest frå vi gjekk inn i regjering til i dag.

Det er sikkerheitssituasjonen i verda. Det russiske fullskalaåtaket på Ukraina fire månader etter at vi overtok, fekk store geopolitiske følgjer, og det fekk store følgjer for den europeiske energimarknaden, og for verdi- og forsyningskjedene i verda.

Det forplanta seg raskt inn i norsk økonomi i form av høge straumprisar, forsyningsproblem, prisvekst, høgare rente og krevjande budsjettarbeid. Det har stått heilt sentralt i politikken til regjeringa å sikre tryggheita for folk i kvardagen, ikkje minst den økonomiske, og nasjonen si sikkerheit.

Statsminister Jonas Gahr Støre skal seinare i dag innleie om den geopolitiske situasjonen, og korleis den påverkar oss.

Frå mitt  perspektiv, som forskings- og høgare utdanningsminister, er det ingen tvil om at ein endra verdssituasjon har slått inn i denne sektoren med betydeleg kraft.

Konkurransen om kunnskap og teknologi er ein sentral del av den globale maktkampen. I ei verd der forholda mellom stormakter blir meir tilspissa, blir globalt kunnskapssamarbeid stadig meir krevjande – men og stadig viktigare.

Som de veit, denne våren legg eg fram ei stortingsmelding om forskingssystemet.

Der vil forskingssikkerheit være eit sentralt tema. Omgrepet «forskingssikkerheit» har etablert seg internasjonalt som samlenemning for det skjerpa arbeidet vi ser i alle land for å verne meir om kunnskapen. Dette er framleis eit nytt område for mange. Samstundes er det eit tema alle aktørar i forskingssystemet må ha høg bevisstheit om og ta eit aktivt eigarskap til.

Vi må jobbe langsiktig og strategisk for å sikre Noregs tilgang på den internasjonale forskingsfronten.

Dette føreset ein open og inkluderande diskusjon om korleis vil kan verne om og utvikle kunnskap og teknologi som sikrar våre nasjonale interesser.

Vi må vere tett kopla på det internasjonale arbeidet for auka forskingssikkerheit og ansvarleg internasjonalt samarbeid. Vi må jobbe tett med våre nordiske naboar og andre allierte og nærståande land.

Vi må sikre akademisk fridom og ytringsfridom – grunnleggande verdiar i det liberale demokratiet som er under auka press mange stader i verda.

Vi må sikre ansvarleg internasjonalt kunnskapssamarbeid – også med land vi ikkje har tryggingspolitisk samarbeid med.

Der har vi tatt store steg dei siste åra som mange i denne salen er kjende med:

retningslinjer for internasjonalt samarbeid, eit nytt direktorat og regelverk for eksportkontroll (DEKSA), og tiltak for å skjerpe årvåkenheita og redusere risikoen i kunnskapssamarbeidet med land vi ikkje har sikkerheitspolitisk samarbeid med, som Kina.

Det er ikkje berre vi og våre allierte som er meir opptekne av å skjerme kunnskap vi ikkje ønskjer at skal kome på avvegar. Det gjer også alle andre. Framover kjem det ikkje til å vere like lett å importere den kunnskapen og kompetansen vi treng.

Min forgjengar Sandra Borch la på kontaktkonferansen for eit år sidan vekt på at det blir stadig viktigare å ha ein kunnskapsberedskap i landet.

I systemmeldinga tar regjeringa grep for å ruste forskingssystemet til å svare på denne nye tryggings- og geopolitiske røynda. 

  • Det handlar om korleis forskingssystemet bør innrettast for å ivareta Noregs kunnskapsbehov på tvers av sivil og militær sektor.
  • Det handlar om å samordne FoU-systema på sivil og militær side, og opne for fleire leverandørar av skjerma og gradert forsking.
  • Det handlar om å konkretisere at forsking og utvikling no er peikt på som ein grunnleggande nasjonal funksjon.
  • Og det handlar om korleis vi skal vurdere kva slags teknologiar som har strategisk betydning for nasjonal sikkerheit, - og kva implikasjonar dette har for forskingssystemet.

Open forsking er norma. Det må vere balanse mellom skjerpa krav til sikkerheit og denne grunnleggande akademiske verdien.

‘Med denne regjeringa har vi fått ei uheldig nasjonal dreiing i utdanningspolitikken’, er eit synspunkt eg av og til høyrer. Det er upresist. Vi ser ei nasjonal dreiing i utdanningspolitikken i svært mange land som svar på den meir usikre verdssituasjonen – kall det gjerne ‘deglobalisering’. Vårt ansvar er å utforme vårt svar på den nye situasjonen.

Utfordring éin er altså å syte for sjølvråderett, nasjonal kontroll og tryggheit i heile Noreg.

Det vil være sentralt i forskingssystemmeldinga. Og det har vore ei sentral rettesnor i regjeringas politikk for kompetanse og høgare utdanning.

(pause)

Førre fredag la statsministeren og justisministeren fram totalberedskapsmeldinga.

Den gjeld vår sektor på heilt grunnleggande vis.

Til dømes: Busetting og levende lokalsamfunn i heile landet er den først av sju strategiske prioriteringar i totalberedskapsmeldinga.

Det kan hende at det er folk her i salen som tenker at det berre handlar om Senterpartiets sedvanlege hang til distriktspolitikk.

Men det er langt meir enn det.

Viss vi skal sikre kontrollen over vårt eige land. Viss vi skal sikre sikkerheit for folk i heile Noreg. Viss vi skal kunne oppretthalde freden, men samtidig førebu oss på både, krise, konflikt og i verste fall  krig – då er levande lokalsamfunn, sterke institusjonar og lønnsame bedrifter heilt avgjerande – i heile Noreg.

Og der spelar kunnskapssektoren ei nøkkelrolle.

Det har eg sett med eigne auge. Ikkje for å skryte – men eg er ganske sikker på at av alle her i rommet, er eg blant dei som  siste par åra har besøkt flest kunnskapsverksemder i heile landet.

Store campus, små campus. Studiesenter, forskingssenter og skular. Fagskular og bedrifter. Frå lengst i nord til lengst i sør. Frå grensa mot Russland i Kirkenes til lengst vest.

Og kva er det som alle seier – om det er rektorar, bedriftsleiarar eller leiarar i kommunane?

Jau, det er at tilgang på utdanningstilbod og kompetanse har alt å seie for verdiskaping og velferd.

Mangel på kompetanse er ein kritisk trussel mot vår beredskap, vårt næringsliv og våre velferdstenester.

Og det handlar i aukande grad om langt meir enn mangel på «hender». Det handlar om mangel på spesialisert kompetanse, om oppdatert kunnskap på krevjande og høgteknologiske felt.

Sidan denne regjeringa tiltredde i 2021, har dette berre blitt klarare og klarare. Kompetansemangel er ei av de største samfunnsutfordringane vi står overfor.

Difor har vi også hatt denne utfordringa heilt øvst på vår prioriteringsliste. Og vi har fått stadig ny kunnskap som understrekar at denne prioriteringa er heilt rett.

Våren 2023 la regjeringa fram utsynsmeldinga. Der ga vi ei tydeleg retning for høgare utdanning og kompetansepolitikken i Noreg. Regjeringa sa der:

  • Vi må sikre at Noreg har den kompetansen vi treng for å møte framtidas utfordringar.
  • Vi må nå flest mogleg med utdanning og kunnskap, uavhengig av kor dei bur, bakgrunn og økonomi.
  • Vi må prioritere tydelegare, bruke mindre ressursar på unødig byråkrati og legge til rette for læring gjennom heile livet, i alle slags livsfasar og i heile landet.

Eg er heilt overtydd om at denne retninga er både riktig og heilt naudsynt.

Behovet for ein kunnskapspolitikk som byggjer heile landet, høyrer ein att over alt. For snaue to veker sidan, deltok eg på NHOs årskonferanse i Oslo spektrum. Eg snakka med ei rekke næringslivsleiarar. Kva var gjennomgangsmelodien? Handla det berre om formueskatt og sjukefråvær slik mediedekninga kunne tyde på?

Nei, mine samtalar med næringslivslederane handla om mangel på arbeidskraft og kompetanse. At vi må satse på kompetanse for å ruste Noreg for framtida.

Og det handla om at næringslivet sjølv må satse meir på forsking.

Dette har jo norske politikarar av ulik farge snakke mykje om over fleire år. Ein av våre utfordringar som kunnskapsnasjon er at vi har eit næringsliv som brukar langt mindre på forsking og utvikling enn land vi samanliknar oss med.

I fjor vår la eg og næringsminister Cecilie Myrseth fram strategien for å auke næringslivet sine investeringar i forsking og utvikling. På årets NHO-konferanse opplevde eg at næringslivet sjølv i større grad enn tidlegare uttrykker at dette er ein utfordring som dei må ta tak i.

Og det er først og fremst det som må til for å få reell betring: at næringslivet sjølve innser at forsking og utvikling er heilt naudsynt for å sikre framtidas konkurransekraft.

Men vi har også ein stor jobb å gjere: Vi må frå kunnskapssektoren vere relevante, vise kor viktig forsking er for verdiskaping og gjere samarbeid mellom næringsliv og forsking så enkelt som mogleg.

Det handlar om å sikre konkurransekraft for morgondagens norske samfunn.

Akkurat ordet konkurransekraft har vore eit «buzz-ord» den siste tida, etter Mario Draghis mykje omtalt rapport.

Den har gitt nokre særs viktige debattar, både her heime og i resten av Europa.

Utviklinga som Draghi-rapporten skildrar, er ikkje ukjent for oss. Europa har gjennom dei siste 25 årene hatt låg produktivitetsvekst og økonomisk stagnasjon. Det økonomiske gapet til USA har auka betydeleg dei siste 20 åra. Samstundes har Kina styrka seg kraftig innan forsking og utvikling.

Mykje av fundamentet for Europas vekst dei siste tiåra kan stå i fare for å forvitre.

  • Det er aukande proteksjonisme globalt. Då kan avhengigheiter gjere oss sårbare.
  • Demografiutfordringane vi ser i Noreg, ser vi også i dei fleste andre vestlege land.
  • Europa heng etter i sentrale deler av det teknologiske kappløpet i verda.

Til saman gjer alt dette at framtidsscenarioa for Europa har blitt dystrare. Å styrke konkurranseevna handlar om økonomien, men også om Europas framtidige sikkerheit, sosiale stabilitet og vår evne til å løyse globale utfordringar som klimaendringane.

Eit siste kraftfullt tilskot til den nasjonale debatten, er bestseljaren «Landet som ble for rikt. Hvordan Norge endte i oljefondets felle» av Martin Bech Holte.

Så, kva kan vi gjere, for å sikre norsk konkurransekraft, både no og i tida som kjem?

Det er ikkje tvil om at forsking, utvikling, innovasjon og kompetanse er grunnleggande for verdiskapinga i samfunnet. Evna til å utvikle ny kunnskap og ta den i bruk er ein av dei viktigaste konkurransefaktorane for norsk næringsliv.

Regjeringas satsingar, har i stor grad bygd på det same biletet av røynda som Draghi-rapporten teiknar opp.

Vi har sett at mangelen på spesialisert kompetanse er ei kritisk utfordring for samfunnet vårt.

Vi har sett at vi må få meir verdiskaping, meir innovasjon og meir næringsliv ut av forskinga.

Vi har sett at vi må ha målretta satsingar for å henge med i den teknologiske utviklinga.

Difor har vi satsa målretta kvart år for å styrke kapasiteten i IKT-utdanningane.

No bygger vi naudsynt teknologisk infrastruktur for kunstig intelligens, så norsk næringsliv og offentleg sektor kan utvikle tenester på våre eigne språk. Digital bruk av norsk og samisk er avgjerande for å bevare dei som levande og samfunnsberande språk. Viss vi ikkje tar dette ansvaret sjølve, er det ingen andre som kjem til å gjere det for oss.

Vi må også sikre nok regnekraft, og på fredag fekk vi overlevert ein rapport om dette frå Forskingsrådet. Dei har, på oppdrag frå regjeringa, greidd ut kor mykje reknekraft vi treng i åra som kjem. Forskingsrådet tilrår ei investering på 3,4 milliardar til infrastruktur for tungrekning over ein femårsperiode, og dei har også greidd ut korleis ein nasjonal infrastruktur for reknekraft til forsking, forvalting og kunstig intelligens kan organiserast.

Å følgje opp dette vil ha høg prioritet for regjeringa framover.

(pause)

Vi har satt av minst 1 milliard til KI-forsking – og førre veke var søknadsfristen for fagmiljøa som vil opprette KI-senter.

I dag er lista over alle søknadene publiserte. Og for eit imponerande syn det er !

Viss nokon lever i trua på at vi ikkje har brei forsking av høg kvalitet på kunstig intelligens i Noreg, så vil eg oppmode til å lese nøye igjennom lista over alle som har søkt. Det er ingen tvil om at vi har ei lang rekke fagmiljø med imponerande kvalitet og høge ambisjonar.

Med KI-sentra, som vi skal offentleggjere i juni, bygger vi vidare på den store suksessen vi har hatt med Senter for framifrå forsking, Senter for forskingsdrevet innovasjon og Forskingssenter for miljøvenleg energi. Vi satsar på den mest framifrå forskinga – nett som Draghi meiner at vi skal gjere.

Det er ein strategi som over år – under skiftande regjeringar – har tent Noreg godt. Som de i salen veit, gjer Noreg det svært godt på den aller mest konkurranseutsette arenaen vi har: Horisont Europa, inkludert Det europeiske forskingsrådet (ERC).

Og apropos suksess i Europa: Den interessante diskusjonen i kjølvatnet av Draghi-rapporten, har vore prega av ein god del «cherry picking», som det heiter på dårleg norsk.

Det har til dømes vore mange som har oppmode meg og norske styresmakter til å sjå mot Sverige,  Danmark og Finland. Det gjer vi! Men det må ikkje få oss til å undervurdere oss sjølve.

  • Vi gjer det best av dei nordiske landa Horisont Europa – 8. plass totalt (2024-tal)[1]
  • Vi har flest i Norden i aldersgruppa 25-34 som har høgare utdanning, med 57 prosent[2]
  • Vi er i toppsjiktet i verda i offentlege utgifter til FoU per innbyggjar.
  • Totalt sett har Noreg ei høgare offentleg finansiering av FoU enn det både Sverige og Finland har (2021-tal). [3]

Ein kan ikkje berre sjå på endringskursen utan å vurdere utgangspunktet. I Noreg har vi eit godt utgangspunkt, for vi satsar allereie sterkt på forsking og utdanning. Det skal vi halde fram med.

Samstundes kjem det gode satsingar frå våre naboland, og dei ligg føre oss på ein del område.

Våre naboland har langt høgare investeringar frå næringslivet i forsking og utvikling, gjerne drevet fram av store stiftingar som Wallenberg og Novo Nordisk.

Den svenske regjeringa har nyss kome med ei offensiv forskingssatsing, det er veldig bra. Men det kjem frå eit svakare nivå enn det norske, så dei har ein del å ta igjen.

Og det kjem i stor del som konkurranseutsette pengar – vi har i internasjonal samanheng ei svært sterk basisfinansiering av universitet og høgskular.

Eg ser også at mange ser ut til å meine at Draghi tar til orde for ei generell storsatsing på forsking.

Det er ikkje i tråd med vår lesing. Det han primært tar til orde for, er ei stor forskingssatsing som i mykje større grad er retta inn mot innovasjon og kommersialisering i tillegg til framifrå grunnforsking.

Rapporten kritiserer mellom anna Horisont Europa for å vere spreidd over for mange felt, vere for byråkratisk og ha for lite vekt på disruptiv innovasjon.[4]

Det må vi ha med oss i debatten.

For skal vi få meir innovasjon frå forskinga, må vi også ha ei tydelegare prioritering av forskingsmidlane.

Skal forskingsmidlane gje mest mogleg samfunnsnytte, må minst mogleg forsvinne til byråkrati. Det er Draghi oppteken av, og det har denne regjeringa lagt stor vekt på sida vi starta i 2021, inkludert jobben for å få tilslagsprosenten opp og søknadsbyråkratiet ned i Forskingsrådet.

For at forskinga skal svare på dei store samfunnsutfordringane i ei omskifteleg tid, må forskingssystemet vere tilpassa samtida vår.

Det vil krevje at vi vurdere ulike deler av systemet og gjer nødvendige endringar. I den komande forskingssystemmeldinga vil vi sjå nærmare på doktorgradsutdanninga i lys av dette.

Talet på doktorgradsutdanna har auka mykje dei siste tiåra, men vi spør oss om denne utvikinga i stor nok grad er styrt av samfunnets behov for forskingskompetanse?

For vi har aukande behov for forskarkompetanse og spisskompetanse innan mange område – for å utvikle ny kunnskap, ta ny kunnskap i bruk og gjennomføre omstillinga til eit meir digitalt og berekraftig samfunn. Vi har avgrensa med ressursar både når det gjeld hovud og budsjett. Vi må sørgje for at vi utdannar og byggjer den kompetansen som er kritisk for å klare omstillinga.

I tillegg forsvinn mange talent til utlandet etter fullført doktorgradsutdanning: Vi er gode på å rekruttere, men ikkje like gode på å behalde.

Det betyr at vi ser behov for ei målretta og strategiske dimensjonering av phd-utdanningane våre, for å sikre at forskarutdanningane i stør grad møter samfunnets behov, både i akademia og utanfor .

Mange med doktorgrad finn seg ein jobb utanfor akademia, i offentleg eller privat sektor. Eit fleirtal av desse seier at arbeidsoppgåvene deira ikkje krev ei utdanning på doktorgradsnivå og dei opplever at dei ikkje får utnytta kompetansen sin.

Her må vi sjå på korleis vi kan utnytte ressursane betre og sørgje for at doktorgradskompetansen som blir utvikla, blir teken i bruk og er relevant for arbeidslivet.

Ein stor del, nær 50 prosent, av nye ph.d.-studentar er frå utlandet. Vi investerer mykje i å byggje kompetansen deira, og dei er ein viktig ressurs for Noreg. Tilstrekkeleg tilgang på høgt kvalifiserte arbeidstakarar er noko alle land har utfordringar med og som er eit aukande problem internasjonalt.

For Noreg er det derfor viktig å behalde så mange som mogleg av dei ressursane vi har investert i, og at dei bidreg mest mogleg i den tida dei er her.

Dette er komplekse problemstillingar, og ei dimensjonering av phd-utdanning må vere grundig og kunnskapsbasert. Derfor vil vi utnemne ei ekspertgruppe som skal vurdere korleis dagens doktorgradsutdanning treffer behova i arbeidslivet, og kva tiltak som kan sørgje for at vi tileignar oss denne kompetansen i framtida.

Eg forventar også at institusjonane i denne prosessen vil gjere grundige vurderingar av korleis dei sjølve bør dimensjonere phd-utdanningane ved eigne institusjonar for å imøtekome samfunnets og arbeidslivets behov. Her har institusjonane fått auka handlingsrom av oss i og med at rekrutteringsstillingane ikkje lenger er øyremerkte i budsjettet.

Eg meiner altså at auka prioritering av ressursane våre er naudsynt for å sikre auka konkurransekraft, som igjen er avgjerande for Noregs framtid.

Men kva snakkar vi eigentleg om når vi snakkar om forsking og utdanning som kan bidra til auka konkurransekraft og produktivitetsvekst? Handlar det berre om teknologi, næringsliv og privat sektor?

Det kan det ikkje vere. Produktiviteten i det norske samfunnet er summen av produktiviteten i både privat og offentleg sektor – sjølvsagt.

Det blir både skapt og forbrukt verdiar i  offentleg og privat sektor – sjølvsagt.

Samfunnsoppdraget til vår sektor er breiare enn å kome opp med idear til nye produkt eller arbeidsmåtar. Gjennom forsking og høgare utdanning skal vi forstå verda rundt oss, utforske det ukjende, stadig finne nye måtar å gjere ting betre på og bidra til å skape gode liv og. Ikkje mindre.

I ei tid med store teknologiske endringar, har akademia eit stort ansvar for å få samfunnet til å forstå både teknologien og kva slags samfunnskonsekvensar den vil få.

Slik er det i høgaste grad når det gjeld kunstig intelligens – det er forskarane som tar leiarrolla i å forklare teknologien for allmenta, og det må vere forskarar som gjer oss innsikta vi treng for å tilpasse samfunnet vårt til den nye teknologien.

Denne breie tilnærminga har vi med oss i alt av regjeringas arbeid med kunstig intelligens.

Sentra for KI-forsking skal bidra til at vi forstår sjølve teknologien betre, at vi finn gode måtar å nytte teknologien i næringsliv, forvaltning og forsking og at vi er godt budde på å handsame samfunnskonsekvensane som KI vil ha.

Eit av områda der KI allereie har hatt stor påverknad  –truleg raskare og meir dramatisk enn i nokon annan del av samfunnet – det er for oss i utdanningssektoren.

Denne siste tidas raske utvikling i generativ KI gjer oss ei rekke utfordringar og moglegheiter:

  • Korleis kan ein sikre læring og rett vurdering når vi har fått verktøy som praktisk talt kan tenke tankane våre for oss, og som det ikkje er enkelt å spore bruken av?
  • Korleis kan vi sikre tillit til eksamensresultat og gradar, dersom det fester seg eit bilete av at det er enkelt å fuske seg til resultat ved hjelp av KI?
  • Korleis kan vi sikre at KI kjem oss alle til gode, gjennom å gje oss betre forsking og høgare utdanning?
  • Korleis kan vi på mest mogleg vis førebu studentane våre på eit arbeidsliv der KI kjem til å vere ein naturlig og integrert del?

Det er ikkje spørsmål om teknologien finst eller skal nyttast, men om korleis den skal nyttast på best mogleg vis. Her står vi alle overfor store spørsmål.

For å få hjelp til å svare på desse spørsmåla, har eg i dag gleda av å annonsere at regjeringa har bestemt å sette ned eit utval som skal vurdere korleis KI best kan handsamast i høgare utdanning.

Utvalets arbeid skal bidra til at vi haustar fruktene av teknologien, samstundes som vi unngår negative konsekvensar. Utvalet skal gi råd til både regjeringa, utdanningsinstitusjonane og fagmiljøa, og skal bli publisert som ein NOU. Departementet jobbar i desse dagar med å sette saman utvalet før det formelt blir utnemnt av Kongen i statsråd.

(pause)

 

 

Kjære alle saman – eg har levd i denne sektoren i det meste av mitt vaksne liv. Frå hausten 2021 gjekk eg frå å vere ein alminneleg professor, til å vere ein av dei som skal styre sektoren politisk. I eit år har eg vore statsråd med det konstitusjonelle ansvaret for forsking og høgare utdanning.

Det er ei stor ære. Og det er eit stort ansvar. For dykk, vi, er så avgjerande for så mykje i Noregs utvikling.

Ikkje berre på det store makroplanet – men for så mange enkeltmenneskjer.

Veldig mange i denne salen har, som eg, barn som er på ulike stader i utdanningsløpet. Og som alle generasjonar før oss, og sikkert alle generasjonar etter oss, bekymrar vi oss for dei unge, og om korleis det skal gå med dei i ei usikker framtid. 

Dagens unge er først og fremst reflekterte, fornuftige og hardtarbeidande – det er mitt klare inntrykk gjennom alle dei unge folka , og alle dei imponerande studentane eg møter i denne jobben.

Men dagens unge ser mørkare på framtida enn unge folk i Noreg har gjort på ei stund.

Ein usikker sikkerheitssituasjon, opplevingane under pandemien, økonomisk usikkerheit og kjensla av at verda blir stadig meir uføreseieleg – alt dette spelar nok inn. Dei destruktive sidene ved sosiale media og skjermanes dominerande posisjon i våre liv, like så.

Samtidig ser vi at utviklinga knytt til digitalisering påverkar korleis studentane deltek i høgare utdanning. Dei fleksible digitale tilboda har gjort utdanning meir tilgjengeleg, men det reiser også spørsmål om balansen mellom digitalt og fysisk nærvær.

Vi må ikkje gløyme kor viktig dei fysiske møta er for  studentanes læringsutbytte og sosiale tilhøyrsel. Dette er heilt avgjerande for å skape gode og inkluderande studiemiljø.

Når alt kjem til alt er det dei unge – studentane – som er den aller viktigaste delen av vår sektor. Å gje dei moglegheit til å forstå verda dei lever i, gje dei verktøya for å påverke den i rett retning og gje dei tru på at det er grunn til å tru på – og kjempe for – ei betre framtid.

Kjære alle saman – i dagens Noreg manglar det ikkje på «elendigheitsskildringar».

Vi lever i eit av verdas aller beste land, samstundes som vi kappar om å slå fast at framtida garantert blir mykje verre enn slik vi har det no.

Eg er i auka grad bekymra for denne trenden. For vi står i fare for bli blinde for alt det som er bra med det norske samfunnet, mens vi snakkar i stadig større bokstavar om alt som må endrast.

Vi kan ikkje stivne – berre seie oss nøgde med slik det er i dag.

Samfunnet vårt i stort, og sektoren vår spesifikt, må sjølvsagt  hugse på å bevare alt som er bra, men samstundes må vi vere opne for forandringar og  gjere nødvendige forbetringar.

Vi har stabil og god finansiering av forsking og høgare utdanning i Noreg, noko som er heilt avgjerande for å både bevare og vidareutvikle.

 

Eg starta med spørsmålet: Korleis kan kunnskapssektoren ruste Noreg for framtida?

Eg har gitt nokre døme på utfordringar og moglegheiter vi må handsame for å spele ei endå viktigare rolle for Noregs framtid.

Gjennom dagen i dag skal vi få opne diskusjonar om fleire av desse. Og statsministeren skal innleie om det som er den aller største utfordringa vi står overfor – ei meir ustabil og utrygg verd.

Det eg gjerne vil avslutte med – og som eg ikkje kan få sagt sterkt nok – er kor viktig denne sektoren er for at vi som samfunn skal løyse både dagens og morgondagens samfunnsutfordingar. På universitet og høgskular i heile Noreg, blir det kvar dag lagt fundamentet for eit Noreg som er i stand til å utvikla seg, omstille seg og handtere dei utfordringane vi møter. Det er eg djupt takksam for.  

No ser eg fram til spørsmål, diskusjon og resten av dagen her med dykk.

Takk for meg!