Tanzanias president på statsbesøk til Noreg 13.–14. februar
Pressemelding | Dato: 19.01.2024 | Utanriksdepartementet
Etter invitasjon frå Hans Majestet Kong Harald og Hennar Majestet Dronning Sonja, besøkjer presidenten frå Sambandsrepublikken Tanzania, Samia Suluhu Hassan, Noreg, 13. og 14. februar 2024. Besøket markerer 60-årsjubileet for det diplomatiske sambandet mellom dei to landa våre og er det første tanzanianske statsbesøket til Noreg sidan 1976.
Tanzania er i dag ein av Afrikas raskast veksande økonomiar, og norsk teknologi og kompetanse er etterspurd. Landet har i ei årrekkje vore eit av Noregs viktigaste partnarland i utviklingssamarbeidet, men samarbeidet har endra og fornya seg i takt med Tanzanias utvikling. Noreg og Tanzania har i dag eit breitt og gjensidig samarbeid om forsking, næringsliv og politisk dialog.
Besøket blir opna tysdag 13. februar med offisiell velkomstseremoni på Slottsplassen, etterfølgt av kransenedleggingar på Akershus festning og besøk til Stortinget. Dagen blir avslutta med gallamiddag på Det kongelege slott med kong Harald og dronning Sonja som vertskap.
Programmet er framleis under planlegging og nærmare informasjon om programmet vil bli kunngjort seinare.
Akkreditering
Akkrediteringsfrist er tysdag 6. februar 2023.
For akkreditering og praktisk informasjon blir pressa bede om å ta kontakt med UDs Besøksseksjon ved Lise Tønnesland Børresen, e-post: lise.gertrud.tonnesland.borresen@mfa.no, mobil 94 83 09 10.