Statsbudsjettet 2025
Tar grep for å styrke Avinors økonomi
Pressemelding | Dato: 07.10.2024 | Samferdselsdepartementet
Prognosar viser ein lågare auke i både flytrafikken og Avinors inntekter dei komande åra enn tidlegare føresett. Det er derfor behov for ei varig styrking av Avinors finansielle resultat. Regjeringa foreslår at både Avinor, flyselskapa og staten skal bidra til dette.
Lågare forventa vekst i flytrafikken framover har betydning for Avinors økonomi. For at Avinor skal kunne ivareta sine oppgåver, må det langsiktige, finansielle resultatet til selskapet styrkast.
Avinor, flyselskapa og staten skal bidra til løysing
I statsbudsjettet for 2025 foreslår regjeringa at flyselskapa må bidra gjennom auka lufthamnavgifter til Avinor. Desse avgiftene skal gradvis aukast over ein periode på fem år. Staten skal bidra ved å redusere den fiskale flypassasjeravgifta i 2025 med årsverknad på 600 millionar kroner, slik at den samla avgiftsbelastninga for flyselskapa blir dempa. Avinor må også gi eit bidrag gjennom resultatforbetring i eiga verksemd. Slik skal både Avinor, flyselskapa og staten bidra til løysinga.
Vil vidareføre Avinor-modellen og dagens lufthamnstruktur
Avinor har ansvaret for 43 lufthamner over heile landet. Regjeringa vil vidareføre og styrke Avinor-modellen, og oppretthalde dagens lufthamnstruktur. Avinor-modellen betyr at overskot frå lufthamner som er bedriftsøkonomisk lønsame bidrar til å finansiere drifta på lufthamner som er bedriftsøkonomiske ulønsame.