Tariffnemnda har fatta vedtak om vidareføring av allmenngjering av tariffavtalar for tre bransjar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet
Nyheit | Dato: 27.10.2016
Tariffnemnda fatta 23. september vedtak om vidareføring av allmenngjering av tariffavtalar for tre bransjar, med heimel i allmenngjeringslova.
Vedtaka om vidareføring av allmenngjering av tariffavtalar gjeld følgjande bransjar:
- Vidareføring av allmenngjering av tariffavtale for byggjeplassar med justerte lønnssatsar
- Vidareføring av delvis allmenngjering av Industrioverenskomsten/VO-delen for skips- og verftsindustrien med endringar i § § 3 og 7 om lønn og utgifter til reise, kost og losji, medrekna justerte lønnssatsar
- Vidareføring av allmenngjering av Landsoverenskomsten for elektrofaga med justerte lønnssatsar.
Vedtaka
Vedtaka finn du her:
- Tariffnemndas vedtak 23. september 2016 OM fortsatt delvis allmenngjøring av industrioverenskomsten/VO-delen for skips og Verftsindustrien 2016-2018
- Tariffnemndas vedtak 23. september 2016 om fortsatt delvis allmenngjøring av Landsoverenskomsten for elektrofagene
Dei nye lønnssatsane vil gjelde frå kunngjering i Norsk Lovtidend (Lovdata).