Tek imot rapport om nytt inntektssystem for fylkeskommunane
Pressemelding | Dato: 30.11.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Fredag 2. desember overleverer ekspertutvalet som har gått gjennom inntektssystemet for fylkeskommunane sin rapport.
I mars sette regjeringa ned eit ekspertutval som fekk som mandat å gå gjennom
inntektssystemet for fylkeskommunane med særleg vekt på utgiftsutjamninga. Dei har samstundes hatt i oppdrag å kome med forslag til endringar.
Seniorforskar Trond Erik Lunder i Telemarksforsking har leia utvalet. Han kjem til departementet og presenterer rapporten fredag 2. desember klokka 13.00. Det er statssekretær Ole Gustav Narud som tek imot rapporten.
Media som ønskjer å vere til stades under overleveringa kan melde seg på ved å sende e-post til ke@kdd.dep.no.
- Tid: Fredag 2. desember klokka 13.00
- Stad: Akersgata 59, Oslo
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no