Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 20
Pressemelding | Dato: 12.05.2023 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 15. mai
Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Njord A-plattforma i Norskehavet, der han deltek på den offisielle markeringa av at Njord-feltet er tilbake i produksjon.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Tysdag 16. mai
Kl. 10.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er i Stortinget i samband med behandlinga av saker på energifeltet.