Tilbod til lærarar om å ta fagleg påfyll gjennom vidareutdanning
Nyheit | Dato: 01.02.2022 | Kunnskapsdepartementet
No kan lærarar og barnehagelærarar søkje om vidareutdanning til hausten. Fleire vil få tilbod i praktiske og estetiske fag.
I dag opnar søkeportalen for lærarar og barnehagelærarar som vil ta vidareutdanning neste skoleår. Søknadsfristen er 1. mars.
– For at barn og unge skal lære, meistre og trivast må dei møte gode og fagleg trygge tilsette i barnehagar og skolar. Vi vil ha eit vidareutdanningstilbod som er breiare og gir plass til fleire fag. Som ein start utvidar vi tilbodet i dei praktiske og estetiske faga, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).
I 2022 er det sett av 1,7 milliardar kroner til vidareutdanning for lærarar og 100 millionar kroner til vidareutdanning for barnehagelærarar. Det vil gi rom for å gi tilbod til om lag 5 500 lærarar og 1 150 barnehagelærarar.
Vil ha meir praktisk skole
Regjeringa har prioritert opp dei praktiske og estetiske faga slik at 600 lærarar kan få tilbod om vidareutdanning i desse, ein dobling frå i fjor. Eksempel på praktiske og estetiske fag er kunst og handverk, musikk og kroppsøving.
– Vi vil ha ein meir praktisk og variert skole, og vi treng skolar med fagkompetanse i alle fag. Det vil bidra til at elevar trivst betre og lærer meir. Tilbakemeldingar frå skolar og undersøkingar viser også at vi treng å styrkje kompetansen i disse faga. Satsinga vår vil gi meir praktisk læring i alle fag slik dei nye læreplanane legg opp til, seier Brenna.
– Læring skjer i alle fag. Vi vil vekk frå eit gammaldags syn på kunnskap som den førre regjeringa hadde, seier Brenna.
Regjeringa har varsla at dei vil fjerne kompetansekrava for å kunne undervise i matematikk, engelsk, norsk, samisk og norsk teiknspråk for lærarar utdanna før 2014. Kunnskapsministeren tek sikte på å sende forslaget på høyring i løpet av våren. Det vil gi rom for å omprioritere vidareutdanningspengar til satsing på fleire fag.
I 2022 vil 1150 barnehagelærarar få tilbod om vidareutdanning. Det er 150 fleire enn i fjor. Auken skal i hovudsak gå til spesialpedagogikk.
Les meir om vidareutdanning på nettsida til Utdanningsdirektoratet.