Statsbudsjettet 2024

Tillitsreform innan høgare utdanning

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa gir meir tillit og ansvar til universitet og høgskular, fjernar byråkrati, forenklar finansieringssystemet og flyttar pengar frå tilskotsordningar til rammeløyvinga.

– For denne regjeringa er det openbert: Innan forsking og høgare utdanning bør mest mogleg tillit og ansvar ligge direkte hos universitet og høgskular. Eg og forgjengarane mine har ofte blitt oppmoda av sektoren til å styre mest mogleg i det store, og minst mogleg i det små. No leverer vi på dette ønsket, og flyttar store summar frå tilskotsordningar til rammeløyvinga, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp).  

I Hurdalsplattforma varsla regjeringa at ho ville  

  • setje i gang ei reell avbyråkratisering i høgare utdanning ved å gå gjennom oppgåvene til direktorata og overføre myndigheit til institusjonane 
  • auke basisfinansieringa til universiteta og høgskulane  
  • kompensere meirkostnader for fleircampus-institusjonar 

– No leverer vi på sentrale løfte i regjeringsplattforma. Vi flyttar betydelege beløp over til rammeløyvinga og styrker særleg finansieringa av institusjonar med fleire campus, seier Sandra Borch.  

339 millionar kroner blir flytta til universitet og høgskular 

Regjeringa foreslår å flytte 338,8 millionar kroner frå ulike ordningar hos Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og over til rammeløyvinga til universiteta og høgskulane.  

– Over tid har det vakse fram ei lang rekke ulike ordningar for å fremje ulike mål og satsingar i høgare utdanning. Dei har til felles at dei er viktige, men at dei openbert ligg innanfor det som faktisk er universiteta og høgskulane sitt strategiske ansvar for å nå måla om høg kvalitet i utdanning over heile landet. No tek vi den naturlege konsekvensen av tillitsreforma, og plasserer dette ansvaret der det høyrer heime – hos den einskilde institusjonen, seier Sandra Borch.   

Ordningane som pengane blir overførte frå, har handla om kvalitetsarbeid, internasjonalt arbeid, og fleksibel og desentralisert utdanning.  

– Alle desse ordningane er blitt oppretta for å rette merksemd mot viktige satsingsområde. Så er det ei rekke viktige område som ikkje har denne typen ordningar. Satsinga på auka kvalitet, internasjonalt samarbeid og fleksibel og desentralisert utdanning halde fram med full styrke. Vi har tillit til at institusjonane sjølve prioriterer prosjekta dei har størst tru på, og der den einskilde institusjon er sterkast, seier Sandra Borch.   

Med tillit følger ansvar 

Universiteta og høgskulane får no meir ansvar for å følge opp sentrale delar av samfunnsoppdraget. 

– Med meir tillit følger meir ansvar – det er heilt sentralt i tillitsreforma. Vi vil følge institusjonane tett opp gjennom etatsstyringa og forventar at dei sjølve tek ansvar i sine strategiske satsingar. HK-dir vil framleis spele ei viktig rolle som støttespelar for sektoren, mellom anna gjennom kunnskapsinnhenting og kunnskapsdeling, rådgiving og samordning, seier Sandra Borch. 

Endringane vil ikkje ha konsekvensar for utbetalingar som alt er forplikta i ordningane som blir avvikla.