Tillitsreformveka i offentleg sektor – saman om betre tenester
Pressemelding | Dato: 08.11.2024 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Frå 11. til 15. november inviterer Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet i samarbeid med Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) til Tillitsreformveka – ei veke der alle medarbeidarar og tillitsvalde i offentleg sektor kan ta del i erfaringsutveksling om kva slags arbeid som er gjort med tillitsreforma og vegen vidare.
– Tillitsreforma er eit viktig grep for å fornye og forbetre offentleg sektor. Det handlar om å involvere og lytte til tillitsvalde og dei som står i førstelinjetenesta i velferdsstaten når vi omstiller og vidareutviklar tenester til beste for brukarane, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.
Det blir meir enn 25 arrangement som i hovedsak er digitale slik at alle i heile landet kan ta del i arrangementa.
Kvifor ei veke for tillitsreforma?
Målet med tillitsreforma er å bygge ein meir effektiv og brukarvenleg offentleg sektor gjennom samarbeid og fagleg fridom på arbeidsplassen. Under Tillitsreformveka vil vi sjå konkrete døme frå kommunar, statlege verksemder og departement som har teke tillitsreforma i bruk – korleis den fungerer i praksis og kva resultat den har gitt for tilsette og brukarar. Til dømes vil Sogndal kommune, NAV og Helse- og omsorgsdepartementet fortelje om korleis tillitsreforma har påverka deira arbeid.
Utvalde tema du kan få med deg:
- Brukardriven innovasjon i praksis: Stimulab vil presentere eit prosjekt frå 2021 der Hårstadmarka barnehage i Trondheim kommune har nytta designdreven innovasjon for å finne nye løysingar i kvardagen. Prosjektet har blant anna redusert stress og sjukefråvær blant tilsette, – løysingar som kan vere overførbare til andre barnehagar og kanskje andre sektorar.
- Tillit i det lokale partssamarbeidet som drivkraft på sjukeheimar: IA-bransjeprogrammet for sjukeheimar støttar tilsette og leiarar i arbeidet med å redusere sjukefråvær. Under Tillitsreformveka får du høyre om korleis dei jobbar heilskapleg med tillit gjennom leiarutvikling, lokalt partssamarbeid og involvering av medarbeidarar.
- Kunstig intelligens i leiinga: Kva kan KI gjere for leiarskap – og kva kan KI ikkje gjere? Professor i teknologiledelse, Tale Skjølsvik frå OsloMet, utforskar korleis vi kan leie både med og av KI. Ho diskuterer korleis KI kan utfordre tradisjonelt leiarskap og kvifor tillit er viktig både i teknologisk utvikling og i leiing.
- Leiing i usikre tider: Ein diskusjon med mellom andre André Mundal og statssekretær Gunn Karin Gjul om korleis offentleg sektor kan navigere i raskt skiftande omstende og bryte gjennom «systemparadokset».
Kunnskapslunsjar og læringsverkstader
For dei som ønskjer å lære meir om brukarvenleg innovasjon, tilbyr DOGA eit introduksjonskurs i designdreven innovasjon, med praktisk erfaring og verktøy for å løyse komplekse utfordringar. Det blir også ein kunnskapslunsj om sjølvleiing, der Jon Fredrik Alfsen vil presentere metodar og verktøy for sjølvleiing og betre samarbeid.
Tillitsreformveka handlar ikkje berre om innsikt og inspirasjon, men også om å byggje fellesskap og faglege nettverk på tvers av sektorane.